Fjaler inspirerer andre til å løfte kultur som ei viktig næringsgrein

Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.

24.06.2026

Avisa Nordhordland. Foto og tekst: Oddbjørn Rosnes

– Det dei har greidd i Fjaler, er å utforma ideane i slagkraftige visjonar. Handlekraftige personar har teke initiativ og sett i gang prosessar, seier Johan Myking, styreleiar for senioruniversitetet i Nordhordland, til Avisa Nordhordland. 

Artikkelforfattar Oddbjørn Rosnes skriv vidare om fleire satsingar på kulturutvikling i Fjaler. Mellom anna den årlege teaterfestivalen, ein sterk interkommunal kulturskule, kulturverksemda PreForm og Nordisk Kunstnarsenter. 

– Nøkkelen til det me utviklar, er samarbeid, seier Rakel Cecilie Wilhelmsen, dagleg leiar på Jakob Sande - senter for forteljekunst, til avisa. 

– Når me løftar i lag, lokalt, regionalt og nasjonalt, skapar me kraft til å byggje noko som varer og har tyngd. For oss har det vore viktig å ta vare på røtene og frivilligheita, samtundes som vi hevar blikket og lyttar til nye stemmer.

Rakel Cecilie Wilhelmsen peikar også på at Fjaler kommune har ei medvita satsing på kultur som del av samfunnsutviklinga. – Ei satsing på kultur er ei satsing på samfunnsutvikling, fellesskap og bulyst, som sikrar ei sterkare tilhøyrsle og identitet, seier ho til avisa. 

I artikkelen er også Ivar Hopland, leiar i Alver kulturråd, intervjua. Han kjenner godt til den satsinga som skjer i Fjaler. – Ein kan ikkje anna enn verta imponert av det ein ganske liten kommune som Fjaler får til. Me er vel ti gonger så mange innbyggjarar berre i Alver, og endå meir om ein ser heile distriktet samla. Det er klart me måtte kunna greia noko tilsvarande, seier Hopland til Avisa Nordhordland. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.