Redaksjonsmøtet Fjaler er for deg som vil bli med i ein ungdomsredaksjon, der du til dømes kan skrive, ta bilete, lage reels eller teikne.
På Redaksjonsmøtet kan du prøve nesten kva du vil innan dette - og meir. Det er nemleg litt opp til deg sjølv kva du har lyst å lage. Du treng ikkje ha noko erfaring frå før for å delta.
Gruppa møtast i veka før og etter Teaterfestivalen i Fjaler hos Jakob Sande - senter for forteljekunst. På treffa serverer vi pizza, og vi blir kjent og lærer om å skrive og formidle. På Teaterfestivalen ser vi forestillingar, som vi etterpå møtast for å diskutere og fortelje om.
Tekstar, bilete, podkastar, reels eller illustrasjonar frå Redaksjonsmøtet Fjaler kan vi sende til ungdomsstidsskriftet Stikling. Du kan bli med sjølv om du ikkje kan delta på alle treff.
OBS: Redaksjonsmøtet er KI-fri sone.
Meld deg på til tora@jakobsande.no innan 4. september. Skriv om du har matbehov.
Har du spørsmål? Ring eller tekst Tora Hope på 91 34 23 52.
Påmeldingsfrist: 4. september. 12 plassar.
Timeplan for redaksjonsmøta:
Møta er i Gamle skulehuset i Jakob Sande-tunet, unntatt onsdag 9.9 då vi møtast på UWC. Til kvart treff blir det mat, slik at du kan kome rett frå skulen og bli med. Sei frå om du treng skyss.
Mandag 7. 9 kl. 16-17: Velkommen til redaksjonsmøtet!
Pizza, bli kjent og plan.
Onsdag 9.9 kl. 16-18: Tema: Korleis sette i gong å skrive?
Saman med skodespelar og skribent Fredrik Høstaker øver vi oss på å kome i gang med å skrive og uttrykke.
Torsdag 10.9 kl. 16-18: Tema: Kva skjer med meg når eg ser teater?
Dramatikar og manusforfattar E.V. Crowe gir ei praktisk innføring i korleis teater kan inspirere di eiga skriving og skaping. Kurset er på norsk, med noko engelsk.
10.-13.9: Deltakarane går på minst ei forestilling på Teaterfestivalen.
Onsdag 16.9 kl. 16-17: Redaksjonsmøte.
Vi jobbar med det vi vil lage!
Om Redaksjonsmøtet:
Starta av Tekstallmenningen i Bergen, der ein ungdomsredaksjon lagar tidsskriftet Stikling. Tidsskriftet Jaja og Sandesenteret er lokal samarbeidspart for å prøve ut Redaksjonsmøtet Fjaler.
Robin Everett (f. 1989, UK) er biletkunstnar og bur i Haukedalen i Sunnfjord. Desse vekene er han i residens hos Jakob Sande - senter for forteljekunst.
Denne veka bur Synne Gulliksen i diktarbustaden i Jakob Sande-tunet, der ho jobbar med ein roman.
Vi lyser no ut residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande for 2027. Søknadsfrist: 1. november.