Den Mangfaldige Scenen til Fjaler med tingingsverk

Den Mangfaldige Scenen i Oslo kom til Fest i Fjaler med eit tingingsverk knytt til årets tema i Sandesenteret. Fredag under Fest i Fjaler hadde dei urframsyning av diktkonserten "kvinna" i ei fullsett løe i Sande-tunet.

21.08.2026

I diktkonserten "kvinna" fekk eit utval av Sande sine dikt nytt liv gjennom musikk, forteljing og eit mangfald av stemmer. 

Med utgangspunkt i årets tema i Sandesenteret, kvinna, kom den gode samarbeidspartnaren vår i Oslo, Den Mangfaldige Scenen, til Fjaler med eit tingingsverk med nye forteljingar og komposisjonar av Sande sine dikt omhandlande temaet. 

Laget bestod av Nirvana Froagh, Sigrid Felde, Shwan Wahed, Harald Kolaas, Sarah Camille Osmundsen, Melina Ismini Karantonis, Maren Elise Markussen, Kjetil Stavenes, Jørn Erik Ahlsen Alkanger og Liv Hege Skagestad, som også har regi på produksjonen.  

Fredag hadde dei urframsyning i Løa og laurdag spelte dei på Fjaler helsetun. 

Alle foto David Zadig

Liv Hege Skagestad hadde regi på produksjonen.

Shwan Wahed og Nirvana Froagh

Nirvana, Kjetil, Sarah, Maren og Melina frå Den Mangfaldige Scenen

Jørn Erik og Sarah framfører songen "Tante Åse".

Sarah Camille Osmundsen

Harald Kolaas hadde tonesett fleire av Sande sine dikt for anledningen

Sigrid Felde spela og song

Melina Ismini Karantonis proklamerte Sande-dikt

Maren Elise Markussen

Kjetil Stavenes fortalde om bestemor si

Dei trollbatt publikum

Nirvana Froagh spela og song

Nirvana Froagh

Shwan Wahed fortalde om mor si og alle kunne kjenne brødlukta bre seg over tunet

Shwan Wahed

Ståande applaus frå ei fullsett Løe. "Desse har noko dei vil fortelje oss, som det er viktig at vi lyttar til"; sa Rakel Solheim i takken til Den Mangfaldige Scenen når applausen hadde lagt seg.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.