Den folkekjære forteljekunstnaren Jon Eikemo har gått bort

Den folkekjære forteljekunstnaren og skodespelaren Jon Eikemo har gått bort. Vi vil særleg hugse han for hans store engasjement for Jakob Sande si dikting, som han bar fram med kraft, klokskap og varme.

13.06.2025

Jon Eikemo og Jakob Sande på sokkel i Fjaler 4. oktober 1991. Arkivfoto: Oddleiv Apneseth

Jon Eikemo (1939-2025) si tilknyting til Sande sine tekstar byrja tidleg, og i 1979 fekk han spelemannsprisen for albumet “Leser Jakob Sande”, men det var med førestillinga Jakob Sande & Jon Eikemo, trur eg ... i 1991 at han verkeleg markerte seg som Sande-tolkar.  Eikemo bar tekstane fram med eit språk som fekk folk til å kjenne seg att, anten han sto på nasjonale scener eller i små grendehus, og Eikemo formidla dikta til Sande med ein kombinasjon av musikalitet, humor og djupt alvor. Eikemos Sande-suksess er den mest sette enkeltmannsframsyninga i norsk teaterhistorie. 

Jon Eikemo sitt arbeid har vore svært viktig for at Jakob Sande sine tekstar framleis lever så sterkt i folket. 

 Jakob Sande-selskapet lyser fred over Jon Eikemo sitt minne, og seier takk for alt han gav oss.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Velkomen til Fjaler!

Neste veke er det akademi og Fest i Fjaler i Jakob Sande-senter for forteljekunst og du er hjarteleg velkomen til å vere med!

Fjaler inspirerer andre til å løfte kultur som ei viktig næringsgrein

Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.

Vekas dikt

Denne vekas dikt er "TRALL – ", henta frå samlinga Det kveldar på Kobbeskjer.