Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting og deler eit nytt dikt kvar veke. Denne vekas sterke dikt er "Budeia".
Budeia
Isbleike måneblenk kaldt gjenom fjøsgluggen glytte.
Kyrene stod der med hangande hovud og sytte.
Sjuk i ein bås som var tom låg ei attenårs gjente,
jamra seg håst for den stunda som snart var i vente.
Verken som vridande knivar i innvolen reiv ho,
tankar som halsande hundar mot avgrunnen dreiv ho.
Hikstande såg ho seg sjølv utor tenesta jaga,
husbonden banna og dreiv ho på dør før det daga.
Bylten med barnsungen bar ho i armane sine,
alt som ho åtte fekk plass i ei ørlita tine.
Skambøygd i ryggen ho fåfengt på dørene banka,
kaldfliren grein ho i møte vegen ho vanka.
Einsam med ungen sin, ingen å gå til, og faren --
ho visste kje namnet eingong på den skamlause karen.
Det var visst ein vossing som for her og rak med ei skreppe,
stødt skal den skuldlause svi, og den skuldige sleppe.
Aldri i verda! Nei, før skal eit liv gå til grunne,
ingen kann sjå meg, og liket skal aldri bli funne!
Villøygd og frå seg av verk fram på fjøsgolvet kraup ho,
sveitten i blodblanda strimor frå andletet draup ho.
Kyrene sukka so hjarteleg ilt,
sauene såg på ho, sorgfullt og stilt.
Alle dei vakande dyr der var,
hjelpelaus sorg for si matmor bar.
Gråten seig over ho, løysande linn,
tårone rann etter utsogne kinn.
So bad ho til Gud utmed lambet kvitt,
då var det som ridene letna litt.
So bad ho til Gud utmed sauen spak,
og freden vann over ho, tak for tak.
So bad ho ved alt som lider,
og då var det ljost omsider.
Då steig der eit spottande hanegal,
eit varsel som all hennar styrke stal.
Angesten insa i ådrane att,
striden gjekk tung i den seige natt.
Ho såg ikkje utveg og frelse meir,
ho stod som til halsen i rennande leir.
Stilt ho attende til båsen kraup,
dømd til å tømme det siste staup.
Døyvt gjenom natta skar halvkjøvde klagande ynkar,
stilla kom etter med spinkle, små sutrande klynkar.
Blodvåte nevar i blinde kring munnen seg lagde,
drukna i vanvet var skriket som steig då det tagde.
Ville vart dyra då blodteven reiv dei i nasa,
stod der med samankrøkt rygg og i jarnbanda rasa.
Kyrene belja og bar seg som vetet dei miste,
storuksen stnga i pallen so fjøsveggen riste.
Hestane nidrein av redsla, og sparka på stallen,
sauene stidbles i nasa, og trampa i tallen.
Morgonen hustrande bleik gjenom gluggane dagna,
dyra fall saman i sturande mismod og tagna.
Stiv og ihopkrøkt i båsen ho låg då dei fann ho,
livet var sløkt, og ei blodråd or munnvika rann ho.
Ho fekk ikkje kristenmannsjord som dei andre, for presten,
dei la ho i utmark, som ei som har dansa med pesten.
Men op av den sandskrinne jord skaut einkvasstagga klunger,
han blomstra ein einaste vår, til han visna for hunger.
Jakob Sande
Frå samlinga Frå Sunnfjord til Rio, 1933.
Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.
På Fest i Fjaler lanserer vi ny papirutgåve av Tidsskriftet Jaja!