Ønskediktet i Bestefarstaua

I samband med markeringa av Jakob Sande sin 120årsdag vert det lesing av Sande-dikt frå ulike stemmer i Bestefarstaua denne sundagen.

16. august, 12:00

Møt Øystein Vestre, Liv Hege Skagestad og Gunnstein Akselberg og sommarvert Kine og Andreas i den vesle stova der Jakob Sande vart fødd ein vinterdag for 120 år sidan. Dei les eit utval av Sande sine dikt. Det er også mogleg å komme med ønskje om dikt ein ønskjer opplest.

Velkomen inn!

Gratis inngong!

 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.