Det vert årsmøte i Nikka Vonen venelag på Steia Gard onsdag 18. mars kl.16.
Nikka Vonen venelag ynskjer alle interesserte hjarteleg velkomne til første ordinære årsmøte i laget. Alexander A. Rauboti innleier kort om Nikka Vonen og arven etter henne. Enkel servering.
Stad: Steia gard, Nikka Vonens veg 10.
Når: Onsdag 18. mars kl. 16:00
Saker:
- Årsmelding/rapport frå styret
- Fastsetjing av årskontingent
- Arbeidsplan
- Val
- Ev. andre saker
NB: Saker som skal handsamast på årsmøtet, må vere styret i hende seinast ti dagar før møtet.
Velkomen!
Helsing styret i Nikka Vonen venelag
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.