Sommarope i skulehuset

Velkomen til oss i sommar! I sommarsesongen, frå 20.juni til 16.august, held våre sommarvertar ope i tunet tysdag-sundag 11-16.

24. juni 11:00 – 14:00

Hos oss kan du:

  • besøke bokhandelen, krambua og kafeen i Gamle skulehuset
  • lære om Jakob Sande sitt liv og dikting i museet i Bestefarstaua eller på omvising i Klokkargarden. Du kan også få omvising i Nikka Vonen sine fotspor.
  • følge naturstien i tunet, fin for store og små. 
  • delta på kurs og akademi og utvikle evnene dine innom munnleg og skriftleg forteljekunst. 
  • delta på sommarprogrammet, med alt frå kurs, føredrag, salongar og vandringar. 

Jakob Sande - senter for forteljekunst opna i august 2020, med formål om å skape samarbeid mellom folk og miljø som har forteljing som kjerne i verksemda si, arbeide for å få fram eit mangfald nye stemmer og i det perspektivet forvalte og forske i arven etter forfattar Jakob Sande. Senteret ligg i barndomsheimen til den folkekjære diktaren Jakob Sande, i Klokkargarden i Fjaler, men har nasjonalt og til dels også internasjonalt verkeområde.

Det gamle skulehuset opna i ny form juni 2021, som ein inngangsport til Jakob Sande-senter for forteljekunst. Det har utvikla seg til å bli ein møteplass, kafè, krambu og bokhandel. I sommarsesongen held våre sommarvertar huset ope kvar dag unnateke måndagar. 

I skulehuset finn du alt frå Sandesenteret sin eigen produksjon, med koppar frå Figgjo, duk og handkle frå Ekelund, notatbøker, garnpakkar, t-skjorter og handlenett og ein enkel kafè. Det er også eit rikt utval bøker for alle aldersgrupper. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

23. mai 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

27. mai 18:00

Turinspirasjon for heile familien med turbokforfattar Inger Karin Natlandsmyr

Bli med på ein kveld med forteljingar om natur- og friluftsglede for heile familien!

30. mai 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.