Velkomen til oss i sommar! I sommarsesongen, frå 20.juni til 16.august, held våre sommarvertar ope i tunet tysdag-sundag 11-16.
Hos oss kan du:
Jakob Sande - senter for forteljekunst opna i august 2020, med formål om å skape samarbeid mellom folk og miljø som har forteljing som kjerne i verksemda si, arbeide for å få fram eit mangfald nye stemmer og i det perspektivet forvalte og forske i arven etter forfattar Jakob Sande. Senteret ligg i barndomsheimen til den folkekjære diktaren Jakob Sande, i Klokkargarden i Fjaler, men har nasjonalt og til dels også internasjonalt verkeområde.
Det gamle skulehuset opna i ny form juni 2021, som ein inngangsport til Jakob Sande-senter for forteljekunst. Det har utvikla seg til å bli ein møteplass, kafè, krambu og bokhandel. I sommarsesongen held våre sommarvertar huset ope kvar dag unnateke måndagar.
I skulehuset finn du alt frå Sandesenteret sin eigen produksjon, med koppar frå Figgjo, duk og handkle frå Ekelund, notatbøker, garnpakkar, t-skjorter og handlenett og ein enkel kafè. Det er også eit rikt utval bøker for alle aldersgrupper.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Bli med på ein kveld med forteljingar om natur- og friluftsglede for heile familien!
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.