Velkomen til oss i sommar! I sommarsesongen, frå 20.juni til 16.august, held våre sommarvertar ope i tunet tysdag-sundag 11-16.
Hos oss kan du:
Jakob Sande - senter for forteljekunst opna i august 2020, med formål om å forvalte og forske i arven etter forfattar Jakob Sande, bygge opp fagmiljø for forteljekunst nasjonalt og arbeide for å få fram eit mangfald av nye røyster. Senteret bygger på det mangeårige arbeidet til Jakob Sande-selskapet, ein frivillig organisasjon som sidan 1991 har arbeidd for å ta vare på og fremje Sande si dikting. Senteret byggjer òg på ambisjonar frå lokale, regionale og nasjonale politikarar om å etablere det første nasjonale senteret for forteljekunst.
Senteret ligg i barndomsheimen til den folkekjære diktaren Jakob Sande, i Klokkargarden i Fjaler, men har nasjonalt og til dels også internasjonalt verkeområde.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.