Vi inviterer til eit fagleg seminar om forteljekunst i skule, arbeidsliv og liv, der vi utforskar behovet og vilkåra for forteljing og forteljekunst i skule, arbeidsliv og liv, gjennom foredrag, panelsamtalar, dialog og forteljekunst.
Ved Jakob Sande - senter for forteljekunst bygger vi eit nasjonalt fagmiljø for skriftleg og munnleg forteljekunst. Det tradisjonsrike Sandeseminaret skaper samarbeid mellom folk og miljø som har forteljing som kjerne i si verksemd.
Ynskjer du å delta? Send epost til tora@jakobsande.no og merk "Sandeseminaret".
PROGRAM
Med atterhald om endringar.
TYSDAG 17. MARS FRÅ KL. 9.30
9.30 Velkomen og kaffi i Løa (nede)
9.45 Velkomen ved Rakel C. W. Solheim. Dagleg leiar ved Jakob Sande - senter for forteljekunst.
Parallellt
Kurs i skapande skriving for ungdom
Anna Kleiva. Forfattar.
Kurs i munnleg forteljekunst for ungdom
Irene Kinunda Afriyie. Forfattar, foredragshaldar og forteljar.
10-11 Panelsamtale: Forteljingar i arbeidslivet, i Løa
Kva for rolle speler forteljekunst i ulike bransjar? Kva utfordringar må ulike typar aktørar i arbeidslivet navigere når det kjem til forteljing og formidling, til ulike målgrupper, på tvers av kulturar og i digitale flater? Korleis påverker KI kompetansebehova knytt til forteljing og formidling? Kva grunnlag bør skular og utdanning legge? Med Rune Fossum Lillesvangstu frå NRK Nynorsk Mediesenter, Johanne Viken Sandnes frå Sparebank1 Sogn og Fjordane og Ingar Valvik frå Innovasjon Noreg Vestland.
11 Kva rolle kan forteljekunsten spele i skule og opplæring?
Åsmund Berthelsen (SV), tidlegare norsklærar og journalist.
11.15 Kvifor eit eige fag om skapande skriving og forteljekunst?
Ved Dale vidaregåande skule.
11.30 Beinstrekk
11.45-12.45 Lunsj
12.45-13.30 Opning av Lygarbenken, ved Tuntreet
Det er lov å lyge litt for å halde praten i gong? Snorklipping ved ordførar Leif Jarle Espedal og forteljing med Bjørn Enes, frilansjournalist og samlar av munnleg historie i Memoar, Kira van Hoegee, direktør for Nordisk Kunstnarsenter Dale, og forteljar Neha Verma.
13.45 Om å finne røysta si og ta den i bruk
Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og ungdom.
14.10 Metodar for skapande skriving
Anna Kleiva. Forfattar.
14.45-15.45 Samtale: Kva er munnleg forteljekunst og korleis kan skulen lage rom for ulike munnlege uttrykk og forteljestilar?
Om kva munnleg forteljekunst er og kan vere, og korleis skulen kan romme munnleg forteljing med røter i ulike kulturelle bakgrunnar og ulike sjangrar. Med forfattar, forteljar og samfunnsdebattant Irene Kinunda Afriyie og kulturantropolog og skribent Dubie Toa-Kwapong. Samtalen blir leia av Guro Gjøsdal frå Nynorsksenteret.
16 Pause, med høve til å nytte Badstova i Badevika for dei som vil ha ei frisk økt før middag.
16. 15 Oppmøte for badarar som vil gå saman, ved Tuntreet.
18 Middag
Ord til maten: Kva er interessante forskingsspørsmål om skriftleg og munnleg forteljekunst og kva for etablerte fagfelt er relevante? I Løa. Gunnstein Akselberg. Professor emeritus i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen med forsmak på onsdagens arbeidsverkstad.
19 OPE PROGRAM I LØA: Forteljekveld med Tidsskriftet Jaja og Anna Kleiva
Tidsskriftet Jaja: Makt, mål og mæle - munnleg forteljekunst før og no
Vi markerer ny digital utgåve, med:
Anna Kleiva les Triks
Triks er eit satirisk poesiverk, ein svart komedie og ein samtids-scifi om klimaendringar, den erotiske krafta i pengar og den poetiske undergangen.
Kleiva er ein av dei mest sentrale forfattarane i sin generasjon. Ho har gitt ut fire kritikarroste diktsamlingar og det nyskapande prosaverket Echo Mountain. Forteljingar frå L.A. (2018). Saman med Vilde Tuv laga ho det musikalsk-poetiske verket Solplomme (2024). Kleiva redigerte også antologien Tunga mi protesterer mot døden. Palestinske dikt (2024) saman med Bendik Vada. Ho har omsett bøker av Ariana Reines, Asta Olivia Nordenhof og Eve Babitz.
Baren er open.
ONSDAG 18. MARS FRÅ KL. 9.30-14
Seminardag om eit programfag i skapande skriving og forteljekunst og om forsking i munnleg og skriftleg forteljekunst, med skular, forskingsmiljø, forteljekunstnarar, kulturaktørar og andre interesserte.
9.30 Kaffi og velkommen i Løa
9.45 Kva slags forsking på forteljekunst treng vi og korleis etablere varige samarbeid med akademia? Eli Bjørhusdal. Professor i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet.
10 Kva tomrom fyller programfaget frå ein lærars perspektiv? Reidun Foldøy, forfattar og norsklærar ved Osterøy vgs.
10.15-11
Kva rolle kan forteljekunst spele i læring som fremjar heile mennesket? Kva forsking og læringsressursar kan støtte eit auka fokus på skapande skriving og munnleg forteljekunst i skulen? Guro Gjøsdal, Nynorsksenteret, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO, og frilansar innan song og teater/formidling.
Presentasjon av forskningsprosjekt fra HVO og Seanse - Senter for Kunstproduksjon knytt til forteljing og eit innblikk i ulike måter å forstå forteljarbegrepet. Maja Skogstad, høgskulelektor. HVO, Avdeling for kulturfag, Seanse, institutt for Teater og utøvande skodespelar/scenekunstnar.
11 Pause
11.10 Korleis forske i munnleg forteljekunst? Med Bergliot Ibsen som case. Liv Hege Skagestad. Rådgjevar i Jakob Sande - senter for forteljekunst og dagleg leiar i Den Mangfaldige Scenen. I Gamle skulehuset.
11.25 Å lytte til leiken. Kva barna høyrer og kva dei fortel. Teaterregissør Torkil Sandsund. I Gamle skulehuset.
11.45-12.15 Lunsj i Løa
12.20 Medicine Mother. Ritual, bevegelses-kunst & poetisk praksis med Elin Høyland & Varste Mathæussen - når personlege møter åpner rom for nye forteljarspråk. Elin Høyland, kunstnar i residens.
12.45-13.15 Vandring og drøfting i par
13.30 Avsluttande refleksjonar
14 Vel heim
Meld deg på delar eller heile seminaret til tora@jakobsande.no. Merk påmeldinga "Sandeseminar dag 1 og/eller 2."
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Onsdag 8. april vert det lansering av Siri Helle si nye bok, Grasboka. Møte Siri Helle i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte i Løa kl. 19.
Velkomen til ein kveld fylt med musikk, fellesskap og god stemning i Løa. Ta med songgleda og bli med!