Sandeføredraget

Forfattar og historikar Aina Basso held det aller første Sandeføredraget under opninga av Fest i Fjaler.

14. august, 18:00

Aina Basso. Foto: Oda Berby

I år er det 120 år sidan Jakob Sande var fødd. I høve jubileet skipar vi ein ny tradisjon, og inviterer ein framifrå formidlar til å halde det første Sandeføredraget.

I diktinga til Jakob Sande finn vi eit mangfald av tema, haldningar og verdiar, frå djupaste alvor til folkeleg humor. I form spenner dei frå grovkorna burleskar til klassiske sonettar. Ei grunnhaldning er ei sterk medkjensle med alle som fell utanfor. Sande samla på forteljingar frå folk og miljø rundt seg, som han skapte om til dikt i verdsklasse. Sandeføredraget skal vere eit årleg føredrag i Jakob Sande si ånd.

Forfattar og historikar Aina Basso blir den første til å halde Sandeføredraget, under opninga av Fest i Fjaler fredag 14. august. 

Med sine prisvinnande historiske romanar, løftar Basso (f. 1979) fram røyster frå historia som ofte blir gløymde. Særleg skriv Basso om kvinnelege liv, erfaringar og vilkår. Basso har eit lyrisk, originalt og presist språk, og seier mykje i si stilsikre og ordknappe form. I arbeidet sitt legg ho i stor grad historiske kjelder til grunn, og til liks med Sande samlar ho forteljingar og løftar dei som levde i trange kår. 

Føredraget vert i Løa oppe. 

Billett her. 

150,- kr. for medlem

200,- kr. for ikkje-medlem

Billetten inkluderer også opninga og Sandeføredraget med Aina Basso.

I forkant av føredraget held Gunnstein Akselberg eit opningsinnlegg om årets tema "kvinna" og Sande si dikting.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.