Redaksjonsmøtet: 'Korleis sette i gong å skrive?'

På andre redaksjonsmøte møter ungdomsredaksjonen skodespelar og skribent Fredrik Høstaker, og vi øver på å kome i gang med å skrive og uttrykke oss.

9. september, 16:00 – 18:00

Møtet er i Gamle skulehuset i Jakob Sande-tunet. Til kvart treff blir det mat, slik at du kan kome rett frå skulen og bli med. 

Er du mellom 15 og 20 år og vil vere med? Meld deg på til tora@jakobsande.no / 91 34 23 52.

Om Redaksjonsmøtet:

  • Interessert i å skrive, teikne eller ta bilete?
  • Brenn du for noko og har lyst til å setje ord på det?
  • Vil du lage noko kreativt?
  • Nysgjerrig på korleis media jobbar?

På Redaksjonsmøtet kan du prøve nesten kva du vil innan dette - og meir. Det er nemleg litt opp til deg sjølv kva du har lyst å lage. Du treng ikkje ha noko erfaring frå før for å delta.

Gruppa møtast i veka før og etter Teaterfestivalen i Fjaler hos Jakob Sande - senter for forteljekunst. På treffa serverer vi pizza, og vi blir kjent og lærer om å skrive og formidle. På Teaterfestivalen ser vi forestillingar, som vi etterpå møtast for å diskutere og fortelje om.

Tekstar, bilete, podkastar, reels eller illustrasjonar frå Redaksjonsmøtet Fjaler kan vi sende til ungdomsstidsskriftet Stikling. Du kan bli med sjølv om du ikkje kan delta på alle treff.

Timeplan for redaksjonsmøta: 

Mandag 7. 9 kl. 16-17: Velkommen til redaksjonsmøtet! 
Pizza, bli kjent og plan. 

Onsdag 9.9 kl. 16-18: Tema: Korleis sette i gong å skrive?
Saman med skodespelar og skribent Fredrik Høstaker øver vi oss på å kome i gang med å skrive og uttrykke. 

Torsdag 10.9 kl. 16-18: Tema: Kva skjer med meg når eg ser teater? 
Dramatikar og manusforfattar E.V. Crowe gir ei praktisk innføring i korleis teater kan inspirere di eiga skriving og skaping. Kurset er på norsk, med noko engelsk.

10.-13.9: Deltakarane går på minst ei forestilling på Teaterfestivalen. 

Onsdag 16.9 kl. 16-17: Redaksjonsmøte. 
Vi jobbar med det vi vil lage!

Redaksjonsmøtet er starta av Tekstallmenningen i Bergen, der ein ungdomsredaksjon lagar tidsskriftet Stikling. Tidsskriftet Jaja og Sandesenteret er lokal samarbeidspart for å prøve ut Redaksjonsmøtet Fjaler. 

OBS: Redaksjonsmøtet er KI-fri sone. 

Foto: Daniel Vikum.

Kalender

Kva skjer hos oss?

5. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.

7. september 16:00 – 17:00

Velkomen til Redaksjonsmøtet!

Bli med i ungdomsredaksjonen vår, der du kan skrive, ta bilete, illustrere eller teste andre metodar frå media!

10. september 16:00 – 18:00

Redaksjonsmøtet: 'Kva skjer med meg når eg ser teater?'

På det tredje redaksjonsmøtet førebur vi oss på å gå på Teaterfestivalen i Fjaler. Dramatikar og manusforfattar E.V. Crowe er med for å gi ei praktisk innføring i korleis teater kan inspirere di eiga skriving og skaping. Kurset er på norsk, med noko engelsk.