Bli med på oppdagingsferd og forteljebål i Nikka Vonens hage på Steia Gard.
Nikka hadde eit stort engasjement for planter, hagestell og nyttevekstar. Jentene gjekk på fjellturar, hadde fiskerett i elva, drog på utferder og observerte planter, dyr og landskap. Hagen var vakkert opparbeidd med frodige blomebed, bærbusker, pryd- og frukttre, og mange fine små hus.
No gror nye spirer på Steia gard. Saman med Nikka Vonens venelag inviterer vi til ein time med oppdagingsferd og forteljebål i Nikka Vonens hemmelege hage. Oppdagingsferda blir leia av Alexander Rauboti frå Musea i Sogn og Fjordane, og med seg har han b.a. andre historikar, høgskulelektor og Nikka Vonen-biograf Greta Hekneby og forteljebål-skapar Tove Elise Ihler frå Oppigard i Possåsen, Finnskogen.
Gratis inngong.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Nikka Vonen venelag og Jakob Sande-senter for forteljekunst.
Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.