Sommaraktivitetar for born i Sande-tunet

La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.

22. juli, 12:00 – 15:00

Sommarvertane lagar til ulike aktivitetar som lar små og store bli betre kjend med Jakob Sande og diktinga hans på varierte måtar:

  • Natursti med utgangspunkt i diktet Fabel om Gåsa, katten og hanen
  • Ordjakt i tunet
  • Leikar ute og inne
  • Leik med ordklossar med ord frå Sande si dikting i Studio Nova
Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.