Sommaraktivitetar for born i Sande-tunet

La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.

8. juli, 12:00 – 15:00

Sommarvertane lagar til ulike aktivitetar som lar små og store bli betre kjend med Jakob Sande og diktinga hans på varierte måtar:

  • Natursti med utgangspunkt i diktet Fabel om Gåsa, katten og hanen
  • Leikar ute og inne
  • Leik med ordklossar med ord frå Sande si dikting 
Kalender

Kva skjer hos oss?

13. - 14. august 10:00 – 14:00

Forteljekunstakademiet i Fjaler: Du kan!

Vil du utvikle dine evner til å fortelje munnleg og skriftleg? Med sats i arven etter hjartedannaren Nikka Vonen, inviterer vi til Forteljekunstakademiet «Du kan!».

13. august 13:00 – 15:00

Undervisningskunst på Steia gard

Velkomen til ein bolk med faglege innlegg og praktiske øvingar om pedagogikk og formidling. Økta blir leia av universitetslektor ved UiS Sigrid Sandemose.

13. - 14. august 17:00 – 12:00

Skrivekurs for deg som har norsk som andrespråk

Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Eller har du tekstar på morsmålet ditt som du ynskjer å få omsett til norsk?