Lesing, pust og skulebollar i skulehuset

Ta lunsjpausen i skulehuset onsdag 17. juni, då Marie Longva Danielsen i residens inviterer til lesing, pust og bollar.

17. juni, 12:00 – 13:00

Marie Longva Danielsen

Marie Longva Danielsen (f. 1996) er skodespelar, dramatikar og regissør frå Sjøholt. No er ho i residens i barndomsheimen til Jakob Sande og inviterer til lesing og bollar i skulehuset. Marie skriv:
Eg inviterer til kaffi og bollar, eit felles pust og ei lesing av nokre utdrag frå prosjekta eg har arbeidd med under residensen. I residens har eg arbeida med to prosjekt: ei samling poetiske tekstar samt ein scenetekst om farlege tankar. Poesiprosjektet, som har hatt arbeidstittel: «Eg vil kaste det i elden, sjå det bli til oske og smuldre opp», starta i Klokkargarden våren 2022, då eg var her som skodespelar i Fjaler Turneteater sitt første prosjekt «Aske av stein», og har sidan vakse og strekt seg i ulike retningar. I sceneteksten utforskar eg korleis tankar kan bli farlege og ta kontroll over livet, og kor dei kjem frå. 

Eg inviterer også til eit felles pust. Det siste året har eg inkorporert pusteøvingar i min daglege praksis. Pusten vår kan fortelje oss mykje om korleis vi har det, om vi tek tida til å legge merke til den. Den kan hjelpe oss å bli meir nærverande, roe ned og stå i livet sine mange utfordringar. Eg introduserer og leiar eit par enkle øvingar.

Håpar du vil komme!

Marie Longva Danielsen (f. 1996) er skodespelar, dramatikar og regissør frå Sjøholt. Ho har ein BA i Acting and Contemporary Theatre frå East 15 Acting School i London. Hennar første dramatiske verk Eg slepp ho aldri var ein av vinnartekstane under Norsk Dramatikkfestival 2023, og verket hadde sin urpremie under hennar regi på Nordic Black Theatre i november i fjor. I fjor skreiv ho musikalen "ein draumefabel" saman med Jon Werede Hope, eit tingingsverk frå Jakob Sande-senter for forteljekunst og Kulturskulen i HAF. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.