Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

31. januar, 11:00 – 14:00

Det gamle skulehuset opna i ny form juni 2021, som ein inngangsport til Jakob Sande-senter for forteljekunst. Det har utvikla seg til å bli ein møteplass, kafè, krambu og bokhandel, som held ope kvar laurdag gjennom heile året og kvar dag i sommarsesongen.

I skulehuset finn du alt frå Sandesenteret sin eigen produksjon, med koppar frå Figgjo, duk og handkle frå Ekelund, notatbøker, t-skjorter og handlenett, til aktuell litteratur, i hovudsak på nynorsk. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.