Lansering av Tidsskriftet Jaja på papir: Ting som tause forteljarar

Vi lanserer den første papirutgåva av Tidsskriftet Jaja, med feiring og smakebitar i Løa!

8. august, 17:00 – 18:00

Jaja er kulturtidsskriftet frå den vestnorske bygda, som dreier kring forteljekunst, forteljingar og språk. 

Fredag 8. august kl. 17 debuterer Jaja på papir!

I utgåva vert temaet "Ting som tause forteljarar" utforska av eit gnistrande lag ferske og erfarne skribentar. 

Lanseringa vert i Løa oppe. Med:

  • Katrine Sele
  • Gunnstein Akselberg
  • Sivert Nesbø
  • Heidi Hattestein

m. fl. 

Gratis inngong. 

Vil du sikre deg ei utgåve? 

Førehandsting Jaja frå Tekstallmenningen og få utgåva i postkassen i august.

Du kan også halde av ei utgåve og hente sjølv hos Jakob Sande - senter for forteljekunst ved å sende e-post til jaja@jakobsande.no. 

I utgåva finn du bidrag frå:

  • Monica Goksøyr
  • Robin Van de Walle
  • E.V. Crowe & Erik Hovland
  • Siri Helle
  • Eli Fossdal Vaage
  • Brynjulf Jung Tjønn
  • Janne Karin Støylen
  • Rakeb Erana
  • Dubie Toa-Kwapong
  • Gunnstein Akselberg
  • Tekstkollektivet SKROT, med Vilja Antonsen, Emma Eggen, Algot Jennhag, Helle Linderud, Vilde Paasche & Sarah Safavifard, Vilma Wirenhed, Johanne Magnus, Mina Hussain, Silje Ramnefjell Schousboe, Synne Gulliksen og Ea Danielsen.
  • Heidi Hattestein
  • Marjam Idriss
  • Benedicte Sundsbø og Maja Raaen Hisdal
  • Lea Widding Bakken
  • Robert Haugen
  • Sivert N. Nesbø
  • Ruth Lillegraven
  • Elise R. Eikevik
  • Eva Meier
  • Signe Wohlfeil

Omslag og design: Maria Astrup

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.