Lansering av Grasboka

Onsdag 8. april vert det lansering av Siri Helle si nye bok, Grasboka. Møt Siri Helle i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte i Løa kl. 19.

8. april, 19:00

I ei tid prega av klimakrise, artsutrydding og aukande avstand mellom menneske og natur vender Grasboka blikket mot noko av det mest oversette i landskapet: graset. Dette er ei original, essayistisk bok, som gjennom naturbetraktningar og kulturhistorie undersøker korleis noko så kvardagsleg kan romme både motstandskraft, sårbarheit, politisk betydning og - ikkje minst håp.

Kor mykje gras finst det eigentleg i verda? Svaret er: utruleg mykje. Ville grasmarker dekker ein tredel av jordas landoverflate, og dei tamde grasartane gjev oss nesten halvparten av maten vi et – frå kveite, havre og ris til mais, sukker og øl. Gras gjev oss mjølk, kjøt, skinn og torvtak, det held oss mette, varme og tørre, bind karbon, bygger biologisk mangfald og limer saman dei komplekse økosystema vi lever i.

Men graset er under press. Klimaendringar, jordbruk og folketalsvekst trugar dei ville grasslettene, som berre finst att i ein femdel av sitt tidlegare omfang. Å ta vare på graset er å ta vare på livsgrunnlaget vårt. Gras er òg ein del av forteljinga om oss sjølve. Alle ber vi på lukter, lyder og kjensler som vekkjer minnet om gras, frå grønske på kneet til lukta av tørrhøy, fotballbaner eller endelause grassletter. Utan gras, ingen menneske.

Grasboka er ei reise inn i denne stille, men livsviktige historia: om korleis graset formar planeten vår, korleis menneske lever med det og kvifor vi aldri kan klare oss utan kvarandre. Å lytte til graset kan vere vegen vidare for samspelet mellom menneska og naturen.

Siri Helle (f. 1982 i Holmedal) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho er journalist og har fast matspalte i Dag og Tid. Ho debuterte med Handle rett – Lure val i ein matbransje full av juks (2014). Seinare kom Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk (2015), Matmakt på butikken (2018), Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid (2020) og Trollefossvegen 23 Attende til heimbygda (2023).

Du møter Siri i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte. 

Samtaleleiar Torkil Sandsund (f. 1977 i Fjaler) er teaterregissør utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og École Lecoq i Paris. Torkil har arbeidd ved ei rekkje teater i Noreg og internasjonalt, og er kunstnarleg leiar i PreForm i Fjaler. Sandsund er også ein av initiativtakarane til Teaterfestivalen i Fjaler, og arbeider med å utvikle Fjaler som ein stad for scenekunst og kunstnariske produksjonar. 

Åsmund M. Kvifte er gras- og jordforskar ved NIBIO på Fureneset ytst i Fjaler. Han har ein mastergrad i miljø og naturressursar frå Ås, og arbeider breitt i engforskinga som ei nyfiken kveke. 

Etter samtalen vert det høve til å sikre seg signert utgåve av Grasboka

Arrangement i samarbeid med Dreyer forlag. 

Torkil Sandsund

Åsmund Kvifte

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.