Kvinna på tvers av kulturar

Ein samtale om kvinna på tvers av kulturar og forventningar mellom Irene Kindunda Afriyie, Sarah Camille Osmundsen og Mariko Miyata-Jancey. Samtalen vert leia av Eduardo "Doddo" Andersen.

15. august, 14:00

Årets tema i Sandesenteret er kvinna. Under Fest i Fjaler møtast Mariko, Sarah og Irene til ein samtale leia av Doddo om kvinnerolla på tvers av kulturar. 

Mariko Miyata-Jancey er japansk-norsk koreograf, dansar og forfattar med lang erfaring med formidling og framsyningar retta mot barn og unge. Miyata-Jancey har ein master i koreografi frå KHiO og ein master i barne- og ungdomslitterær skrivekunst og formidling ved NBI.  

Sarah Camille Osmundsen er songar, poet og forteljar fødd i Paris, oppvaksen i Oslo, med røter frå Martinique og Stavanger. Kunstnarskapen hennar spenner over musikk, poesi og scenekunst, prega av leik, nærvær og sterke forteljingar. Ho vart noregsmeister i poesislam i 2011 og fekk Spellemannprisen for beste barneplate i 2020.

Irene Kinunda Afriyie er ein erfaren historieforteljar, forfattar og samfunnsdebattant. Gjennom skriving, foredrag og offentlege samtalar byggjer ho bru mellom kulturar og utfordrar etablerte førestellingar om identitet, tilhøyrsle og fellesskap. Med varme, humor og kritisk blikk løfter ho fram historier om Afrika, innvandring, feminisme og kva det vil seie å høyre til i Noreg. Ho er fast gjestekommentator i Bergens Tidende, har mastergrad i interkulturelle studiar og har vore aktiv i fleire kultur- og mangfaldsinitiativ, mellom anna gjennom Stiftelsen Fargespill. Afriyie har vore tilknytt Jakob Sande-senteret ved ei rekke anledningar, både som kurshaldar, forteljar og konferansier. I år er ho festforteljar under Fest i Fjaler. 

Irene Kinunda Afriyie er òg aktiv podkastvert og samfunnsformidlar. Saman med Eduardo "Doddo" Andersen har ho podkasten Inkludert, der dei utforskar identitet, inkludering og møte mellom kulturar i det fleirkulturelle Noreg. Gjennom opne og personlege samtalar med gjester frå ulike bakgrunnar løfter podkasten fram både forskjellar og fellesskap. No kjem Irene og Eduardo til Fjaler med ein samtale om årets tema i Sandesenteret: Kvinna!

Eduardo "Doddo" Andersen er for nokre kjend som musikar, for andre som ein stor fotballentusiast. Det er imidlertid det fleirkulturelle feltet som står hans hjarte nærast. Til dagen arbeider han med inkludering. Eduardo, eller Doddo som han gjerne kallast, har vore kulturbyråd i Bergen, gitt ut fleire bøker og plater, og under Spellemannprisen 2018 vart kan kåra til årets tekstforfattar.

Samtalen vert i Løa oppe.

Billett finn du her

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.