Konsert med Parveen & Ilyas Khan

Førdefestivalen kjem til Løa og Jakob Sande-senteret med konsert! Søskena og musikarane Parveen og Ilyas Khan representerer ein ny generasjon musikarar frå den rike musikkarven i Rajasthan i India. Dei utforskar eit breitt spekter av songstilar, frå improvisasjon til sjeldne former som maand og populære ørkensongar.

5. juli, 15:30 – 16:30

Det fransk-indiske søskenparet Parveen Sabrina Khan og Ilyas Raphaël Khan er sjuande generasjons musikarar i ei anerkjend musikarslekt i Rajasthan. Dei vaks opp i India, der dei fekk opplæring i den nord-indiske klassiske musikktradisjonen – ei kunstform som har vore overført munnleg gjennom meir enn 3000 år.

Parveen Sabrina Khan er ei leiande stemme i den nye generasjonen indiske songarar. Ho framfører râgaer, det melodiske rammeverket i indisk klassisk musikk, og er ein av få som løftar fram dei tradisjonelle folkesongane frå Rajasthan, maands, som i dag står i fare for å forsvinne. Med si djupe og virtuose stemmeprakt får Parveen fram poesien i denne sofistikerte musikken, der den lyriske teksten – ofte kort – gir stort rom for improvisasjon, både melodisk og rytmisk.

Ilyas Raphaël Khan er ein dyktig perkusjonist og beatboxar, og akkompagnerer med kreativt tablaspel og tablaboxing – ei samansmelting av dei to uttrykka. På denne måten fornyar og utviklar søskenduoen det klassiske indiske repertoaret, i forlenginga av arven etter faren, den kjende perkusjonisten Hameed Khan Kawa.

Med styrken frå dei to kulturane sine tek Parveen og Ilyas Khan publikum med inn i ei verd av varierte og nyskapande lydar, og gir ei smakfull blanding av indisk musikk og vestlege rytmar.

Medverkande:
Parveen Sabrina Khan – vokal
Ilyas Raphaël Khan – tabla, beatboxing

Det vert sal av mat og drikke. 

Gratis buss til deg med konsertbillett frå Førdehuset kl kl 14.15, med retur etter konserten.

Arrangement av Førdefestivalen 

Kalender

Kva skjer hos oss?

1. juli 12:00 – 15:00

Sommaraktivitetar for born i Sande-tunet

La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.

2. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

3. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.