Bli med på ein stemningsfull førjulskveld når Sigrid Felde og Mats Systaddal inviterer til julekonsert i Løa. Med eit variert program som inkluderer kjende og kjære julesongar, nyare favorittar og eigne komposisjonar, blir det ei varm og musikalsk førjulsoppleving.
Mats Systaddal og Sigrid Felde arrangerer førjulskonsert i Løa.
Konsertstart kl. 21.
Dørene opnar kl. 20.
Open bar.
190 for student/barn, 250 for vaksen. Billett i Ticketco.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.