Ungdom frå heile verda bur denne sommaren saman på Heggnes der dei deltek på LPC-leir. Tradisjonen tru inviterer dei mot slutten av opphaldet til ei fargerik framsyning med dans og musikk i Jakob Sande-tunet.
Ta med heile familien og bli med på fabeldag i tunet.
Det vert open Lisa i Li-kafè med lappar, saft og kaffi.
Gratis inngong.
Arrangementet vert ute i tunet om det er opplett vær og inne på låven om det regnar.
Ivar Nygaard er i residens i Jakob Sande - senter for forteljekunst. På onsdag inviterer han til gulrotkake og forteljeframsyning om Peder, kjærleiken og tuberkulosen.
Laurdagsope i bokhandelen, krambua og kafeen i det gamle skulehuset.
1. desember markerer vi at det er 120 år sidan diktaren Jakob Sande vart fødd.