Få med deg Hege Duckert sitt føredrag om ei av pionerane i norsk kvinnekamp, Katti Anker Møller, i Løa denne laurdagen under Fest i Fjaler.
Pionerane innan norsk kvinnekamp har historisk kome frå alle samfunnslag. Katti Anker Møller (1868–1945) kom frå ein av Noregs mektigaste familiar, gifta seg 20 år gamal og vart godseigarfrue med stort tenarskap. Utslitt etter å ha fødd ti barn, bestemte ho seg for å bruke resten av sitt liv til å kjempe for kvinner sin rett til fødselshjelp, prevensjon og abort. Samtidig arbeidde ho for at barn fødd utanfor ekteskap skulle få rett til far sitt namn og arv.
Katti Anker Møller var kvinnesaksforkjempar og sosial- og helsepolitikar. Ho dreiv opplysningsarbeid og tok initiativ til ei rekke sosialpolitiske reformar. Dei viktigaste var innføringa av De castbergske barnelovene i 1915 og opprettinga av Mødrehygienekontoret i Oslo i 1924. Møller er særleg kjend for sin kamp for prevensjon, seksualopplysning og avkriminalisering av abort.
Med utgangspunkt i eit stort og overraskande kjeldemateriale kjem Hege Duckert tett inn på livet til Møller.
Hege Duckert er journalist og forfattar. Ho har tidlegare vore kulturredaktør i NRK og i Dagbladet, og redaktør for Dagbladet Magasinet. Ho har gjennom ei årrekke markert seg som ei tydeleg stemme i norsk offentlegheit.
Hege Duckert har gitt ut ei rekke bøker, mellom anna Mitt grådige hjerte, om Simone de Beauvoir, Frida Kahlo, Karen Blixen og Billie Holiday, samt Norsk kvinnehistorie på 200 sider og den kritikarroste biografien Katti Anker Møller.
Velkomen til føredrag og til Fest i Fjaler.
Foto: Agnete Brun
Katti Anker Møller. Foto: Ukjend. Eigar: Nasjonalbiblioteket
«Grunnlaget for all frihet må være rådighet over egen kropp og hva i den er. Alt annet er en slaves tilstand»
Katti Anker Møller
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.