Hageselskap med Tove Bakke

Sesongopning og hageselskap med Tove Bakke om den nyaste Skald-klassikaren: Hageselskapet og andre forteljingar av Katherine Mansfield.

21. juni, 14:00 – 15:00

I ei tid prega av einsformigheit og eit skjønnheitsideal få av oss kan leve opp til, viser novellene til Mansfield oss den usminka realiteten og den fleirfoldelege kvinnelegheita. Gjennomgåande i fleire av hennar noveller, uavhengig av mannleg eller kvinneleg perspektiv, er dei sjølvstendige og mangfaldige kvinnelege skikkelsane som saman malar eit bilete av kvinner som unike individ, heller enn som ein karikatur.

Katherine Mansfield var ein av dei verkeleg store fornyarane av den moderne novella, og ein sentral figur i den engelskspråklege modernismen. Fødd i Wellington, New Zealand, levde ho størsteparten av livet sitt i Europa, der ho, som ein outsider i dei litterære miljøa i London, utvikla ein særeigen forfattarskap som skildra menneskelege relasjonar med ein psykologisk presisjon og eit intenst nærvær.

Novellene hennar var radikalt annleis enn alt som hadde kome før: fragmentariske, stemningsmettande og utan dei tradisjonelle plotta. I staden lét ho små augneblink av innsikt og kjensle bere forteljingane.

Hageselskapet og andre forteljingar er høgdepunktet i forfattarskapen hennar – skrivne dei siste åra av livet, då ho var alvorleg sjuk, men på sitt mest kunstnarleg klarsynte. Novellene fangar overgangane mellom barndom og vaksenliv, mellom sosial konvensjon og sårbar erkjenning.

Mansfields evne til å gi det kvardagslege ein glød av innsikt har gjort henne til ein klassikar i verdslitteraturen – og til ein forfattar som stadig blir lesen som om ho skreiv i går.

Tove Bakke er oppvaksen i Sunnfjord og Gudbrandsdalen og bur no i Oslo. Ho er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Oslo i faga fransk, spansk og litteraturvitskap.

Bakke har omsett og gjendikta ei rekkje bøker frå fransk, spansk, portugisisk og engelsk. Fleire av omsetjingane hennar er prisløna, og ho har blant andre vunne Samlagsprisen (2008), Rosettaprisen (2021) og Det skjønnlitterære oversetterfonds pris 2022 for samla verk. Tove Bakke har også skrive forordet i boka til Herbjørn Sørebø og Ludvik Eikaas: Fløytelåt. Eit naturlyrisk møte med diktaren Jakob Sande. Boksingelen til Sandevenen Jeaninne Masika Harrysson Alt godt som enno ventar inneheld fire dikt og er gjendikta til nynorsk i samarbeid med Tove Bakke.

Møt omsetjar Tove Bakke, som no let Katherine Mansfield debutere på nynorsk med «Hageselskapet og andre forteljingar», i samtale med Ragnar Hovland.

Denne første sommarsalongen vert utandørs om veret tillet det og inne i Løa (nede) elles. 

«Det er for øvrig ingen tvil om at Mansfield kler en nynorsk språkdrakt. Særlig humoren kommer godt frem i Tove Bakkes briljante oversettelse. Det må også være lov å si at Andreas Töpfer og Øystein Vidnes virkelig har overgått seg selv. Den fysiske boken er usedvanlig vakker. Dette er kort sagt vidunderlige greier.»

Janne Stigen Drangsholt, Morgenbladet

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.