Tradisjonen tru blir det også i år Grøss og gru. I år står Kulturskulen i HAF for ei skremmande løype i Klokkargarden. Gjer deg klar for grøss, gru og skumle overraskingar, men også kakao og bollar. Det er ope for alle og gratis å vere med.
Frå Grøss og gru i 2025 der heksene bydde på augegryte. Foto: David Zadig
Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.