Ope kveldsprogram under Sandeseminaret 2026, med musikk, dikt, forteljing, tidsskrift-lansering og samtalar.
Foto: Ingvil Skeie Ljones / Illustrasjon: Maria S. Astrup
Velkomen til ein triveleg kveld i Løa med program og samvær!
Tidsskriftet Jaja: Makt, mål og mæle - munnleg forteljekunst før og no
Vi markerer ny digital utgåve, med:
Anna Kleiva les Triks
Triks er eit satirisk poesiverk, ein svart komedie og ein samtids-scifi om klimaendringar, den erotiske krafta i pengar og den poetiske undergangen.
Kleiva er ein av dei mest sentrale forfattarane i sin generasjon. Ho har gitt ut fire kritikarroste diktsamlingar og det nyskapande prosaverket Echo Mountain. Forteljingar frå L.A. (2018). Saman med Vilde Tuv laga ho det musikalsk-poetiske verket Solplomme (2024). Kleiva redigerte også antologien Tunga mi protesterer mot døden. Palestinske dikt (2024) saman med Bendik Vada. Ho har omsett bøker av Ariana Reines, Asta Olivia Nordenhof og Eve Babitz.
Baren er open.
Arrangementet er støtta av Norsk tidsskriftforening og Fritt Ord.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.