Heidi Dahlsveen kjem til Fjaler med ei forteljeframsyning for heile familien, basert på eit folkeeventyr samla inn av Nikka Vonen.
Heidi Dahlsveen. Foto: Sonja Balci
Forteljeframsyninga "Å miste" er ei humoristisk og alvorleg reise inn i eit folkeeventyr frå Nikka Vonen si innsamling, der eit lite tap blir starten på noko langt større. Når noko forsvinn, tvingast hovudpersonen ut i den eventyrlege verda med troll, kjerringar med lange naser og festglade tussar. Undervegs møter vi både det komiske og det sårbare i å leite etter det vi har mista.
Framsyninga inviterer publikum til latter, undring og til å høyre ekkoet av Nikka Vonen i vår eiga tid.
Forteljeframsyninga passar for familiar med born frå seks år og oppover.
Heidi Dahlsveen er forfattar, forteljar og dosent i munnleg forteljekunst ved OsloMet.
Framsyninga blir i teltet.
Gratis inngang.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.