Folkemusikkpub med Folkemusikklaget Havbrusen

Fredag kveld under Fest i Fjaler lagar Folkemusikklaget Havbrusen med vener stemning i Løa. Ta med deg eit instrument om du har, godt humør og bli med!

14. august, 21:00

Folkemusikkpub med Havbrusen har blitt ein tradisjon som ein opning på Fest i Fjaler-helga. 

Havbrusen Folkemusikklag har medlemmer frå Dalsfjordområdet, og hadde sin debut på Fylkeskappleiken 2012 i Stryn. Laget tilbyr opplæring i felespel og arrangerer folkemusikkpub og forteljekveldar. 

Inngong 100,- Billett i døra.

Arrangør: Folkemusikklaget Havbrusen og Jakob Sande-senteret. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.