Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.

3. juli, 13:00

Film frå Fjaler - smalfilm frå 1935 og 1952 inneheld filmopptak gjort i to periodar av to distriktslækjarar i Fjaler. Den første delen er gjort av distriktslækjar Harald J. Blaauw og den andre delen av distriktslækjar Asbjørn Østby. Desse filmopptaka til Fjaler helselag er eit pionerarbeid av Blaauw og Østbye og er i dag av stor verdi for folkeopplysninga og kulturarven i Fjaler. 

Distriktslækjar Blaauw (1898-1977)

Harald J. Blaauw gjorde filmopptak i perioden 1935 til 1937. Då han reiste frå Fjaler i 1948, gav han filmrullane til Fjaler helselag. Filmen vart ofte vist på samkomer i kommunen, t.d. 1.mai, 17.mai og basarar m.m. Den gong var dei fleste personane i filmen kjende for dei som såg på. Filmen inneheld i dag titlar på dei identifiserte personane samt namn på nokre bygningar. I filmen ser vi opptak frå kommunestyremøte og 17.mai i Dale, dugnad i "Badet", fotballkamp på Dingemoen, preikesundag på Guddalen m.m.

Distriktslækjar Østby (1909-1970)

Asbjørn Østby kom til Dale som distriktslækjar og gjorde opptak med Fjaler helselag sitt kamerautstyr. Helselaget hadde lang tradisjon innan film sidan dei dreiv Fjaler kino i mange år, der Ottar Bakkebø stod for drifta. Opptaka i denne filmen er for det meste frå første del av 50-åra, med mellom anna vegdugnad Dale-Osen, 17.mai i Dale, opning av Fjaler ungdomsskule, friidrett og turn m.m. Denne delen inneheld ikkje titlar. 

Filmen er produsert av Fjaler film i 2012 med støtte frå Fjaler kulturkontor og den kulturelle spaserstokken. Knut Bakkebø bidrog med verdifulle kartleggingar i arbeidet med filmen. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

30. juni 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

1. juli 12:00 – 15:00

Sommaraktivitetar for born i Sande-tunet

La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.

2. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.