Diktardagen for born: Julegraut med Nattninja og lystenning av tuntreet

Vi inviterer til diktardagen for små og store. Bli med på feiringa av diktaren Jakob Sande sin fødedag og starten på adventstida!

1. desember, 17:00

Små og store er invitert på julegraut og høgtlesing av Nattninja med Rolf-Magne Golten Andersen i Løa kl. 17-18.

Kl. 18.00 tenner vi lysa på det flotte tuntreet i Klokkargarden og vi syng Jakob Sande sin kjære julesong saman.

Tidlegare på dagen har elevar frå valfaget Produksjon for scene delteke på eit skrivekurs leia av Thea Hjelmeland. Under lystenning får vi ei opplesing av nokre av dikta dei har skrive, i tillegg til dikt av Madina Darwazi.

Etter lystenninga vert det lys i alle hus i Klokkargarden og Steia gard for dei som vil kike seg rundt i husa og i tunet.

Program:
Kl. 17: DIKTARDAGEN FOR BORN 
Med julegraut og høgtlesing av Nattninja ved Rolf Magne Golten Andersen. I Løa oppe, så kle dykk godt!

Kl. 18: LYSTENNING AV TUNTREET 
I Klokkargarden. Lystenning av tuntreet i Klokkargarden. Allsong og dikt med Jan Haugen, elevar frå Dingemoen i samspel med Thea Hjelmeland og Madina Darwazi.

Kl. 1830: LYS I ALLE HUS
Denne kvelden vert det lys i alle husa i Klokkargarden, på Tusenårsstaden og på Steia gard. Du er hjarteleg velkomen inn!

Sjå deg om i Bestefarstaua, der Jakob vart fødd, og i våningshuset, der Jakob vaks opp, og der det no er residens og kontor.

I bokhandelen og krambua Gamle skulehuset, der Jakob gjekk på skule, vert det ope og servering av gløgg.

Frå 18:30 OPE HUS PÅ STEIA GARD 
Med Nikka Vonens venelag. Her møter du Siri Ingvaldsen, Hans Bjarne Haugen og Alexander Rauboti, som held ope hus og fortel om det nyoppretta venelaget for Nikka.

Det er gratis og ope for alle. 
Graut så langt lageret rekk.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.