Berre syng – korpub i Løa!

Dette er kvelden der songglade menneske møtest og syng saman, uansett nivå og erfaring!

20. november, 20:00

Vi lagar stemninga og magien saman, leia av dirigent og akkompagnert av dyktig gitarist.

Det einaste du treng å ta med deg, er songgleda og den stemma du har.

Open bar frå kl. 19.30.
Inngang kr. 100,- (Vipps i døra)

Håpar på å sjå deg der!

Arrangement av Hanne M. Heia Dybvik og Øyvind Rye Dybvik. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

7. november 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.

7. november 12:00

Manuslesing av Liminal

Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.

9. november 19:00

Kvinna – ein Jakob Sande-diktkonsert

«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.