Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

16. september, 16:00 – 17:00

Møtet er i Gamle skulehuset i Jakob Sande-tunet. Til kvart treff blir det mat, slik at du kan kome rett frå skulen og bli med.

Er du mellom 15 og 20 år og vil bli med? Meld deg på til tora@jakobsande.no / 91 34 23 52. 

  • Interessert i å skrive, teikne eller ta bilete?
  • Brenn du for noko og har lyst til å setje ord på det?
  • Vil du lage noko kreativt?
  • Nysgjerrig på korleis media jobbar?

På Redaksjonsmøtet kan du prøve nesten kva du vil innan dette - og meir. Det er nemleg litt opp til deg sjølv kva du har lyst å lage. Du treng ikkje ha noko erfaring frå før for å delta.

Gruppa møtast i veka før og etter Teaterfestivalen i Fjaler hos Jakob Sande - senter for forteljekunst. På treffa serverer vi pizza, og vi blir kjent og lærer om å skrive og formidle. På Teaterfestivalen ser vi forestillingar, som vi etterpå møtast for å diskutere og fortelje om.

Tekstar, bilete, podkastar, reels eller illustrasjonar frå Redaksjonsmøtet Fjaler kan vi sende til ungdomsstidsskriftet Stikling. Du kan bli med sjølv om du ikkje kan delta på alle treff.

Timeplan for redaksjonsmøta: 

Mandag 7. 9 kl. 16-17: Velkommen til redaksjonsmøtet! 
Pizza, bli kjent og plan. 

Onsdag 9.9 kl. 16-18: Tema: Korleis sette i gong å skrive?
Saman med skodespelar og skribent Fredrik Høstaker øver vi oss på å kome i gang med å skrive og uttrykke. 

Torsdag 10.9 kl. 16-18: Tema: Kva skjer med meg når eg ser teater? 
Dramatikar og manusforfattar E.V. Crowe gir ei praktisk innføring i korleis teater kan inspirere di eiga skriving og skaping. Kurset er på norsk, med noko engelsk.

10.-13.9: Deltakarane går på minst ei forestilling på Teaterfestivalen. 

Onsdag 16.9 kl. 16-17: Redaksjonsmøte. 
Vi jobbar med det vi vil lage!

Om Redaksjonsmøtet: 
Starta av Tekstallmenningen i Bergen, der ein ungdomsredaksjon lagar tidsskriftet Stikling. Tidsskriftet Jaja og Sandesenteret er lokal samarbeidspart for å prøve ut Redaksjonsmøtet Fjaler. 

OBS: Redaksjonsmøtet er KI-fri sone. 

Meld deg på til tora@jakobsande.no innan 4. september. Skriv om du har matbehov.

Har du spørsmål? Ring eller tekst Tora Hope på 91 34 23 52.

Kalender

Kva skjer hos oss?

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.

26. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.