Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Foto:Iren Kleiven


Første diktar inn denne sesongen! 
Etter utlysing fekk vi inn ca 20 søknader frå forfattarar og den første flyttar inn i desse dagar. Etterkvart legg vi heile lista på dei heldige som får opphald i våningshuset i Klokkargarden ut 2018.
Sommarsesongen
Lisa i Li opnar døra til Bestefarsstaua i sommar kvar sundag kl 14-17 med kafe og omvising i tilegg til laurdagar i Dalsfjordveka.  Sjå kalender. Om du fer forbi Dale elles i veka, kan du kontakte oss og høyre om ei ekstra omvising eller visitt. Og Tre Tylar kjem til Kobbeskjerkvelden som er 10. august i år!
Justering av nettsida på gong
Om nettsida vår ikkje er så aktiv, kan du likevel sjå hendingar og nyhende og anna stoff som er lagt inn. Renoveringa er i gong og dette skal bli bra! Jakob Sande-tunet er også på Facebook . Vi oppdaterer den mest!
Medlem?
Vi sender ut i desse dagar faktura på medlemspengar i lag med ei helsing frå selskapet. Det går som landevegspost, sidan vi ikkje har alle epostar registrert.   Vil du bli medlem i selskapet? Send innmelding !


Information in English


Hendingar

Aktuelt

Kobbeskjerkvelden 10. august  [Les]

Sommarsesongen i tunet 2018  [Les]

Open invitasjon til forfattarar  [Les]

Årsmøte og val 2018  [Les]

Forfattarresidens  [Les]

Alltid å tegja når du er meg nær, aldri få segja kor du er meg kjær. Aldri få kjenna din pust mot mitt kinn, aldri få brenna min munn imot din. Aldri få loga som eld imot deg: slik er den soga som klagar i meg.

( Aldri frå "Storm frå vest" 1931 )

 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys