Bli med på ein kjekk sommarkveld i Løa med musikk ved Ola Tennes. Ola er visesongar med base på Sandane, og kjem til Løa i Klokkargarden for å spele og synge for oss. Mikrofonen er open for deg òg!
Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer velkomne til eit historisk tilbakeblikk på turismen i gamle Sunnfjord. Mary Ann Menes frå Norsk Reiselivsmuseum tek oss med på ei reise gjennom reiseruter, overnattingsstader og kjøpesterke gjester frå 1800-talet.
Tradisjonen tru kjem Førdefestivalen med konsert til Løa i Jakob Sande - tunet under festivalen. I år får vi besøk av den argentinske gitaristen Chango Spasiuk.
I kalenderen får du oversyn over kva som skjer i Jakob Sande - senter for forteljekunst framover.
Våre sommarvertar ønskjer velkomne i Jakob Sande-tunet gjennom heile sommaren. Dei held ope i Gamle skulehuset og i tunet tysdag-sundag 11-16, og held omvisingar i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor tysdag-fredag kl.13.
Den folkekjære forteljekunstnaren og skodespelaren Jon Eikemo har gått bort. Vi vil særleg hugse han for hans store engasjement for Jakob Sande si dikting, som han bar fram med kraft, klokskap og varme.
Laurdag 7. juni besøker Jakob Sande - senter for forteljekunst Hyllestad og den årlege kvernsteinsmarknaden der. På standen finn du informasjon om Jakob Sandesenteret, eigne produkt som koppar, t-skjorter, bøker og dukar, samt aktuell nynorsk litteratur.