Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Jakob Sande/

Ordforklaringar



Ordforklaringar til Jakob Sandes lyrikk


Kvart ord står først i den forma dei førekjem i dikta, men er som hovudregel forklart i grunnforma.

Der ordet kan ha fleire tydingar, vert det vist til diktet ordet førekjem i.

Nokre forkortingar:

(a) = adjektiv
(adv) = adverb
(m) = maskulinum (hankjønn)
(f) = femininum (hokjønn)
(n) = nøytrum (inkjekjønn)
(v) = verb

agner av: agn (f) = dekkblad kring småaks og blomstrar
albatross (m) = stor symjefugl i albatrossfamilien, hekkar i koloniar på aude oseaniske øyar
Alden = øy ytst i Sunnfjord
Alea est jacta = loddet er kasta (lat.), dvs: Det er avgjort. Cæsar skal ha sagt dette då han bestemte seg for å gå over grenseelva Rubicon og starte borgarkrigen.
alnemål = målestav som er ei alen (=0,6275 m)
alner, ei alen = 0,6275 m
ametyst (m) = fiolett bergkrystall brukt til smykkestein
Andante funèbre: eit sørgjeleg, trist musikkstykke som skal spelast i langsamt tempo
ankartog (n) = ankertau
annsam (a) = arbeidsam, flittig
annsame av: annsam (a) = arbeidsam, flittig
annsamt (adv) = travelt, flittig
apal (m) = epletre
apokryfisk (a) = (frå gresk "bortgøymd") om visse såkalla ikkje-kanoniske bibelske skrifter; ikkje godkjende av kyrkja, uttrykket og nytta i tydinga uekte, tvilsam.
audna av: audn (f) = øydemark, (i "Haust" :) (endelaust) tomt rom
audner av: audn (f) = øydemark
aur (m) = grus og småstein
aurmolda, aurmold = mold som er full av aur (m) = grus og småstein
avdags (adv) = når dagen er slutt; sist på dagen
ave (n) = katolsk bøn (av latin ave = ver helsa)
avsnøydt av: snøye (v) = gjere snau
bakevja av: bakevje (f) = straum som på grunn av naturleg hindring skjer ut frå hovudstraumen og bøyer attende
bannstøytt av bannstøyte (v) = bannlyse
barden av: bard el. barde (m) = kant el. rand, elvebarde
barkekjer (n) = stort kjerald (til å barke i)
bark (m) = seglskip med tre til fem master
barken sjå bark
barkskip = seglskip med tre til fem master
barsla av: barsle (v) = føde
basar ("Laurdagskveld på poop'en") av: base (v) = tumle, baske, streve
basilisk (m) = dyr av amerikansk øgleslekt
bast (m)(n) = (kvitt) ty som er vove med bast i el. band av bast, bast = seigt cellevev hos tre og planter
basta av: baste (v) = binde særs godt, eigl. binde med bast, sjå d.
bate (m) = gagn, nytte
Batseba frå nesten stel: I Andre Samuelsbok kap.11 er det fortalt om kong David som forelskar seg i ei gift kvinne, Batseba. Ho var gift med Urias. For å kvitte seg med
mannen, sette David Urias på den fremste posten i hæren slik at han fall i kamp mot
fiendane. Jamfør uttrykket "uriaspost".
baus (a) = framfus, stormodig
beinblakk (a) = bleik (blakk) som bein
beinblakke av: beinblakk (a) sjå d.
beista skaut kalv = kyrne kasta kalven før tida (aborterte)
beitslet av: beitsel (n) = same som beksel
belgen av: belg (m) = skinn som er rengt av eit dyr
berekyr = kyr med kalv
bile (f) = tømmermannsøks med breitt blad
Bile-Jo, bile (f) sjå d.
bismarpund = eldre vekteining, 1 b. = 12 pund = 5,977 kg
bisna av: bisne (v) sjå d.
bisnande av: bisne (v) sjå d.
bisne (v) = glane el. sjå med undring eller nyfikne
bitjarn (n) = jernreiskap med egg
bivra av: bivre (v) = skjelve
bivrande av: bivre (v) = skjelve
Bjelsebub = djevelen
blaknar av: blakne (v) = bli bleikare, bleikjast
bleiv av: blive (v) sjå d.
blive (v) = drukne
blodgir = blodstraum
blussel = blygsel
blånar av: blåne (m) sjå d.
blåne (m) = stad som ligg langt borte i synsranda
bolster (n) = madrass, underdyne
bomsiglarjakt, jakt (f) = ein open, liten lastebåt som ofte vart nytta langs kysten, båten hadde ei mast med råsegl.
Borgarfjord = fjord på Island. Dei første landnåmsmennene frå Fjaler i Sunnfjord tok seg land kring denne fjorden.
brandar same som brande (m) = sterk og styrlaus kar
brigg (m) = seglskip med to fullrigga master
bryddande av: brydde (v) = gro fram, spire
budrått = avdrått av buskap = avkastning av husdyr
bulen av: bul (m) = kropp (utan bein og armar)
byrd (m) = (høg) ætt
bægjer av: bægje (v) = tvinge til å ta ei anna lei, hindre, stanse
bøgardskvea = inngjerdinga rundt bøen, kve (f) = inngjerding for fe
bør (m) = seglevind
børen av: bør (m) sjå d.
bøvel opphav i djevel/bøddel
Bøvelsker, bøvel sjå d.
Bøvle (m.a. i Bøvlegrend ) av: bøvel sjå d.
bå = båe (m) sjå d.
båe (m) = grunne, blindskjer som sjøen bryt over
båsen ("Laurdagskveld på poop'en" "Siste sjørett") same som basen av: bas (m) = arbeidsleiar
båssen same ord som basen av: bas (m) = arbeidsleiar
båssmann same som bas (m) = arbeidsleiar
båsspipa = pipa til båssen, sjefen
dagverd = dugurd (m): før var dette eit måltid mellom morgonmat og middag
dalga av: dalge (v) = slå, delje
Dam, fuglen Dam, Sande viser til eventyret "Fugl Dam", frå Asbjørnsen og Moe: Norske Folkeeventyr
dampdoner = dampskip
dimslørd (a) = uklar p.g.a. at det er dimt
diskenspringar (m) = butikkekspeditør (eldre og sjargongprega uttrykk)
djupålen, ål (m) = djup renne el. fòr i elvebotnen
dokk (f) ("Bygda søv") = søkk, lita hole
dokka ("Bendik Båssmann") av dokke (v) = gå i dokk (f) = bassenganlegg for reparasjon eller bygging av skip
dokkar ("Hamnen") av: dokk (f) = hamnebasseng
donasjonar av donasjon (m) = (penge)gåve
Donkeymann = fyrbøtar som passar ein donkeymaskin, donkeymaskin var tidlegare nemning for ei hjelpemaskin som vart brukt på skip til å drive pumper, spel o.a. med.
dorma av: dorme (v) = sove lett, halvsove
dosa av: dos (f) = stakk, skjørt
drabantar ("Deiken") av: drabant (m) = følgjesvein, tilhengjar
draus av: dryse (v) = spreie, strø (om små partiklar, dropar)
drusteleg (a) = staseleg, prektig, røsleg
drøset = samtalen
dulrame av: dulram (a) = løynsk, løyndomsfull, uforklarleg, gåtefull
dunde av: dynje (v) = dundre, drynje
dunderslye = nedsetjande uttrykk; slask som drikk dunder = alkoholhaldig drikk av denaturert sprit
dvaledorm = dvalesøvn
dvergemålet = ekkoet
dy (n) = gjørme, sump, hengjemyr
dynjande av: dynje (v) = dundre, drynje
dynjing av: dynje (v) = dundre, drynje
Dyveldi av: Dyvel = djevel, frå lågtysk
dælda av: deld (f) = søkk, grop
døkke av: døkk (a) = mørk, uklar, dim
døkken, som substantiv av adjektivet døkk = mørk, uklar, dim
døkt av: døkk (a) = mørk, uklar, dim
døktest av: døkkast = mørkne
Eden = etter 1. Mosebok vart Adam og Eva skapt i ein hage i Eden. Etter syndefallet vart dei drivne bort derifrå. Dei fekk sønene Kain og Abel.
eterblåne, sjå blåne, eter (m) = øvre luftlag
ettermæle (n) = omtale etter at ein er død, omdømme
eimgov (n) = dampdrev, -fok
einevald (n) = einevelde
eolsharpe = vindharpe, etter den greske vindguden Æolus
eitel = utkropen person, skarv
eitergast, eiter = gift, gast (m) = svær kar
eiterbrand = giftbrann
eiterormstyng = stikk av giftorm
ender og gong = av og til
fagnamann (m) = heidersmann, rikmann
fal (a) = til sals
fattes, meg skal intet fattes = (eldre bibelsk form) eg manglar ingenting, sjå Herren er min
hyrde
feberslø = sløv av feber
fegen (a) = glad, livfull
feigmannsropet = ropet frå ein som snart skal døy
fenner fl.t. av fonn (f)
filistar = folkeslag i det gamle Palestina, rekna for å vere sjølvgode
Fimbul: nytta i samansetjinga fimbulvinter = ein lang og hard vinter, opphavleg frå norrøn mytologi; vinteren før ragnarok
finne (n) ("Fløytelåt" "Guten og natta") = villmark, fjellstrøk
firmament (n) = himmelkvelv
fjostrev, trev (n) = rom under taket i uthus; eit loft av lause bord lagt over tverrbjelkane
fjåg (a) = glad, blid, nøgd
flein av: fline (v) = flire hånande
flinge = skorpe, snerke (av graut/mjølk)
flog (n) = hengjebratt fjellside, stup
flogbratte, sjå flog (n)
flor (n) = tynt tystoff, slør
flotnar av: flotne (v) = flyte opp
flu (f) = grunne; skjer som er under vatn ved flo
folnar av folne (v) = visne, tape seg (også: bleikne)
forbanna ("Dødsdialog") av: forbanne (v) = her: avsverje
forbina = undrande
forvorpnaste av: forvorpen (a) = moralsk forderva
frega av: frege (v) = spørje ut
frett av: frette (v) sjå d.
frette (v) = få vite
frikar = fri, ubunden av plikter (utan fast hyre), også: person som ingen vinn over i slåsting
fræver av fræve (v) = frøar
fule av: ful (a) = lur, utspekulert, falsk
fyssande = fossande
færing (m) = spiss-stamna robåt med fire årer, "fire-åring"
fåndæme ("Under vegkrossen") samansett av fån (f) (n) = støv, dust og dæm (a) = noko som lyser, skin, av: dåm (f), fåndæm (a) = her: noko som skin i skodda
fåtøkte ("Sælebotskjelda") av: fåtøk (a) = fattig (her: fattig på vit)
fåvise av: fåvis (a) = dum, tåpeleg
galdrande av: galdre (v) = skråle gaule, også: trolle
galdrar av: galder (m) = trolldomssong; skrik, ul
galeas (m) = tomasta seglskipstype med høg frammast
gand (m) = trolldom
ganding av: gande (v) = drive med trolldom
gangspelet av: gangspel (n) = spel til å vinde ankerkjettingen o.l. med på skip, spel (n) = innretning til å heise eller hale noko med, vinsj
gast (m) ("Sjørøvaren") = her: sjømann
gast (m) ("Køya mi") = her: skrømt, attergangar
gasta (a) = stor, veldig
gastar ("Andante funebre") av: gast (m) = her: skrømt, attergangar
gastar ("Hamnen" "Skymingslandet") av gast (m) = her: sjømann
gasten ("Galgevise") av: gast (m) = her: sjømann, eller: svær kar
gastgjevarmann = gjestgjevarmann
Gehenna = helvete
gemeinsleg (a) = omgjengeleg, liketil
geneverkrukke, sjenever = (nederlandsk) kornbrennevin tilsett einebærsmak
gesell (m) ("Fjellbekken" og "Syngjande gesell") = her: omstreifar
gesellar ("Eg merkar") av: gesell (m), her brukt nedsetjande: fyr, slask
Gideon = ein som vart kalla av Herren til å leie israelsfolket (frå Bibelen: Dommarane kap 6-9)
gir (m) = sterk lyst, brennhug
gjel (n) = trong kløft i berg el. fjell
gjætle = gjetsle (f) = det å gjete
gjætlegut = gjetargut
gjætlesveinane = gjetarsveinane, -hjelparane
glas, går glas for deg ("Natt i konvoien") = overf.: når tida di er ute. Ordet glas kjem opphavleg av timeglas. (Uttrykket: å slå glas = å slå på skipsklokka for kvar halvtime)
glente = rovfugl av haukefamilien, eigl. (m)
glumde av: glymje (v)= dundre, ljome
glymjande av: glymje (v)= dundre, ljome
glyrande av: glyre (v) = sjå kvast (til sides), stire
gløsande av: gløse (v) = glo, stire
gløser ("Bygda søv") av: gløse (v) = her: lyse, blenkje
gløser ("Tridøgerstormen") av: gløse (v) = her: glo, stire
gløste ("Hoggormen") av: gløse (v) = her: glo, stire
gløyper av: gløype (v) = svelgje, sluke
gløypte av: gløype (v) = svelgje, sluke
gneldrekald ("Tusselåt") av: gneldre = gje frå seg skarp lyd, her: "frostlyd"
gov (n) = drev, rok, fok
govet av: gov (n) = drev, rok, fok
gralen = staupet som etter legenda Jesus brukte då han innsette nattverden
grant = nøyaktig
grasdæld = graskledd søkk, grop - av: deld (f) = søkk, grop
grevskodd = skodd for vinterføre
grid (m) = nåde
grom (a) = storveges, gild, framifrå
gromme, grom (a) = storveges, gild, framifrå
grunnbrota av: grunnbrot (n) = stor bølgje som bryt heilt ned til grunnen
gry (n) = morgonlysning
græle (f) = jamn, veik vind
grælne av: grælen (a) = sur, gråkald
grøte (v) = få til å gråte
grålysningsbel, bel (n) = tidsrom, stund
gusta av: guste (v) = blåse veikt
gustande av: guste (v) = blåse veikt
gyller av: gylle (v) = gjere gyllen
gyllte (a) ("Landnåmsmenn") som er gull-liknande
gylte (a) ("Siste sjørett") = som er gylla, dvs som har eit gull-liknande skjær
gyrmer = gjørme
gøysar av: gøys (m) = eim, straum
gåtti av: gått (f) = dørstokk
hage, hag (a) = dugande, hendig
hamnehagen av: hamnehage (m) = inngjerda beitemark
hamp (m) = plante som vart nytta til tau og sekker
hanebein, gå på hanebein til ei kvinne = gjere kur til ei kvinne
harbeitt eigl. hardbeitt (a) ("Leirgauken" "Før slaget") her: brukt om mark som har gras som ljåen ikkje vil bite på, hard, tung, slitsam
hardbeitt (a) ("Smeden"): brukt om mark som har gras som ljåen ikkje vil bite på, her: hard
hasane av: hase (m) = leddsamband el. kne mellom underlår og fotrot
heimvist = bustad, tilhaldsstad
hela (a) = rimfrosen
Helgamesse = 1.november, gammal helgedag. Opph. ein katolsk minnefest for alle heilagmenne.
hellebarden av: hellebard (m) = kombinert hogg- og stikkvåpen med langt skaft, mykje nytta som fotfolkvåpen i seinmellomalderen
hemnfus (a) = hemnhuga, lysten på hemn
Herren er min hyrde, allusjon til Davidssalmen "Herren er min hyrding", Salmane kap. 23.
Første strofe lyder:
"Herren er min hyrding,/det vantar meg ingen ting./Han lèt meg liggja i grøne enger;/
han fører meg til vatn der eg finn kvile,/og gjev meg ny kraft." Salmen vert sitert i ei
eldre, høgtidleg bokmålsform, sjå fattes
hildra av: hildre (v) = syne seg i eit fortryllande fantasibilete
hildring = luftspegling, fantasiførestelling
hind (f) = hjortekolle (hodyr av hjort)
hissa vi munken i takkelag = heiste munken opp i takkelet, d.e. tauverket på skipet
hjalar av: hjale (v) = ljome
hjell (m) = vegghylle
hjuringjenta, hjuring (m) = hyrding, gjetar
hjuringlokkar, hjuring (m) = hyrding, gjetar
hokrande = krypande
holdet av: hold (n) = kjøt på kroppen
hosianna (interjeksjon) = gje frelse!, hjelp! (frå hebraisk.) Jødisk hyllingsrop.
hosne av: hosen (a) = hoven, laus
hundesnak = noko som hunden snakar seg til, hundemat, av: snake (v) = snuse etter, naske, småstele
hundevakta = vakta (på farty) frå midnatt til kl 4
hungersott (m) = sjukdom på grunn av svolt
Husdråpa av: dråpe (f) = norrønt skaldekvad med eit slag omkvede
hustre (a) = råkald, sur
Hymne = lovsong
hyst av: hyse (v) = huse
hædde av: hæde (v) = spotte, svivørde
hæding = spott, hån
hækne av: hæken (a) = grådig, grisk
høgfjellslonar, lon (f) = lang, djup høl
Høgsong, diktet med denne tittelen er ein allusjon til Salomos høgsong i Bibelen, sjå f. eks. kap. 7
hå (f) (m) = gras som veks opp etter slåtten
håbøen = bøen med hå (f) (m) = gras som veks opp etter slåtten
hål (a) = sleip, glatt
håle av: hål (a) sjå d.
Håse, den Håse = Satan
Ikaros: I greske segner var Ikaros son av Daidalos. Begge desse vart innesperra i labyrinten til kong Minos på Kreta. Då Daidalos hadde laga venger til dei begge og dei flaug vekk, kom
dei for nær sola, slik at vokset, som vengene var festa med, smelta. Ikaros fall ned og drukna i havet.
irgule = brandande gule
jaspis = kvartsmineral nytta til smykkestein
Johannes på Patmos: Johannes openberring vart skriven på Patmos, som er ei øy i Hellas. I keisartida vart øya nytta til forvisingsstad.
jordeplebingen = potetbingen
Judas Maccabeus: tilhøyrde den jødiske presteslekta hasmonarane. Judas Makkabeus var i følgje Makkabearbøkene (i dei apokryfiske bøkene) ein djerv hærførar som leia kampen mot selevkidane på 100-talet f. Kr. Slekta fekk tilnamnet makkabearar, etter Judas Makkabeus, makkabeus = hammaren.
jungmann = ung sjømann med grad mellom dekksgut og lettmatros
jøklane av: jøkul el. jøkle (m) = istapp el. arm av isbre
jøkulkalde, jøkul (m) = arm av isbre
kabeltampar = kabelendar
kabyssa av: kabysse (f) = bysse, kjøkken om bord i farty
kakisma = katekisma
kalken av: kalk (m) = beger (til altervin)
kalkgov = drev, fok av kalk
kallen ("Ved kvernbekken") = her: kvernkallen, kvernkall (m) = vasshjul med skovler som driv kvernsteinen
Kalvinisten, kalvinist = tilhengjar av kalvinismen: reformert (protestantisk) kyrkjelære grunnlagt av Jean Calvin
Kana'an = gammalt namn på landet mellom Syria og Sinai, langs austkysten av Middelhavet
kantate (m) (f) = høgstemt korverk med solostemmer og orkester, her: teksten til kantaten
Karmels heilage fjell = heilag fjell i Israel, 546 moh. Omtalt m.a. i Første Kongebok kap. 18 ("Elias på Karmel")
karnaljar av same ord som kanalje (m) = skurk; skøyar
kattstrauk han so med ein nihala katt = dengde han med eit tau med ni tampar i
kavlen av: kavl (m) = fløyt (flytekork) på fiskegarn
Kingofar: Thomas Kingo (1634-1703), dansk salmediktar
kjøtast (v) = få kjøt på seg
klave (m) = hesteskoforma bøyel til å ha om halsen på dyr
kleveloft, kleve (m) = kammers, kove
kloppa av: klopp (f) = lita gangbru av stokkar
klunger mo = klungerslette
kløyvi = kløva av: kløv (f) = todelt bør som ein legg over ryggen på lastedyr.
knagghjulet = roret på båten
knekta av: knekte (v) = kue, undertrykkje
knektane ("Galgevise") av: knekt (m) = soldat, her: bøddelknekt
kobbepelsar, kobbe (m) = fjordsel
kola av: kole (f) = tranlampe, forma som ein skålforma trekant
kolven av: kolv (m) = fritthangande metallstong i bjølle
koral = korsong, salmemelodi
korp (m) = ramn
korpane av: korp (m) sjå d.
korpen av: korp (m) sjå d.
kos (m) ("Vera") = veg, lei
kovet, kov (n) = røyk, damp
kreksa av: krekse (f) = vrang og gretten person
krynt ("Salme") av: kryne (v) = her: tukte, audmjuke - el. også: krone
krynte ("Lyder i Sælebotsbota") av: kryne (v) = her: krone
krytel same som krøter (n) sjå d.
krøter (n) = samnemning for småfe og storfe
kuli (m) = kinesisk eller indisk ufaglært arbeidar
kultegris = 2-3 månader gammal gris
kurer av: kure (v) = sitje ihopkropen
kussekalvane = kjæleord på kalvane
kut (m) = det å kute (v) = springe renne av stad
kuten av: kut (m) = det å kute (v) = springe renne av stad
kvarv av: kverve (v) = forsvinne
kve (f) = inngjerding for fe
kveldsroden, ròde (m) = raudleg skin
kvelv ("Song til Vera"): himmelkvelv eller kyrkjekvelv
kverv av: kverve (v) = forsvinne
kvervande av: kverve (v) = forsvinne
kvide (f) = sorg, otte, smerte
kvidefull (a) = full av otte; full av angst
kvintane ("Laurdagskveld på poop'en") av: kvint (m) = eigl. femte tone i ein diatonisk skala el. høgaste streng på ei fele, her: dei høgaste tonane
kvithærd (a) = kvithåra
kvitlar av: kvitel (m) = ullteppe
kvitlepar, kvitel (m) = ullteppe
kvæn (m) = kven eller finne. Nemninga kven blir nytta om dei finske innflyttarane til Nord- Noreg.
Kyri Eleise, "kyrie eleison" = (gresk: "Herre miskunne oss") bønerop i kristen gudsteneste etter syndsvedkjenninga
kyrre av: kyrr (a) = still, roleg
laddevinsflaska, laddevin = simpel sterkvin som vart importert i store mengder frå Nord-Tyskland på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet
laddevinsrus, laddevin = simpel sterkvin som vart importert i store mengder frå Nord-Tyskland på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet
landgangslov = landlov = løyve for sjøfolk til å gå i land
landgangstrossa, trosse (f) = kraftig tau, vaier el. kjetting til å fortøye eller slepe med
landnåmsmenn = menn som tek nytt land
lappesplint = eigl. to nedsetjande nemningar: lapp (m) = eldre nemning på same, splint (m) = fant, landstrykar, tater
lasen (a) = fillete, skrøpeleg
leddiken av: leddik (m) = lite, avdelt rom i ei kiste
lega av: lege (f) = liggjeplass
legdakall = mann som gjekk på legd, d.e. fattighjelp på bygdene. Ein gardkrins gjekk saman for å halde vedkomande med føda.
Legdeblakken: Ein som gjekk på legd var ein fattig som fekk hjelp på den måten at ein gardkrins gjekk saman om å syte for ein fattig. Her: om ein hest.
Legdeguten: gut som gjekk på legd, sjå over
legdekall = mann som gjekk på legd, d.e. fattighjelp på bygdene, sjå over
Legende, dette diktet byggjer på 2. Mosebok, kap. 14.
legero = ro på lega, av: lege (f) = liggjeplass
legestad = liggjeplass
leggspike-bein = leggbein, spikbein
leidarstjerne = stjerne som syner den rette vegen
leitet av: leite (n) = bakkehøgd med godt utsyn
lende (n) = terreng, mark
lender av: lende (v) = leggje til land, lande
lepja (v) = sleikje i seg
lèt (m) = farge
letingen av: leting (m) = lating, lat person
levitt = israelittisk prest (bibelsk uttrykk), eigl. ein person av Levi-ætta, sjå samariamann
likka av: likke (v) = lee, røre (på seg)
likkar av: likke (v) sjå d.
limar = sopelimar
lise (f) = opphald, lette
livdeleg (a) = som gir vern, ly for uvêr, av livd (f) = vern, ly, skjul
livdyr = ungdyr som skal fødast opp og brukast til avl eller til å gi avdrått; motsett: slaktedyr
ljote av: ljot (a) = stygg
lona av: lon (f) = lang, djup høl
lote (v) = måtte
lufsen (a) = vere uflidd med langt, stridt hår
luklaust (adv) = utan skånsel
luma = lomma
lytelaus (a) = utan lyte; mangel el. skade
lægra av: lægre (v) = leggje seg til kvile
lævinden = den linne, milde vinden
låra av: låre (v) = fire, senke
låvekloppa = låvebrua, klopp (f) = lita gangbru av stokkar
magister = eldre nemning for universitetslærar
manna = frå Bibelen: føde som jødane ved eit under fekk i øydemarka
mannbisk (a) = mannvond, bisk (a) = morsk, avvisande
mannete = manet (f)
marbakken av: marbakke (m) = bratt botnskråning utanfor strandområde i sjø eller vatn
marmar av: marme (v)= suse, bruse, dure
maroder (a) = utmatta, skral, arbeidsufør
medelen av: medel = forråd av pengar
meigar = meiar av: mei (m) = parallelle lister (på gyngehestar) eller skjener (på sparkar)
meinsløgt (adv) = på ein farefull måte
mergstolen = maktstolen, utarma
mesanmast = den attarste masta på seglbåtar
meska av: meske el. meiske (v) = feite, gjø, fråsse i
Midgarsormen og Fenrisulven var to søner av Loke. Før undergangen kjempa desse med jotnane mot gudane, æsene.
midnattsbel = tida kring midnatt, bel = tidsrom, stund
mjødmar av: mjødm (m) = hofte
mjå (a) = slank, tynn
modast (v) = få mot i seg
morelden, moreld = små lyspunkt i sjøen pga sjølvlysande plankton
morgonroden, ròde (m) = raudleg skin
motting (m) = møkdunge
munaleg i hold = bra velfødde, hold (n) = kjøt på kroppen
munen, tok han munen sin att = tok han rikeleg att det forsømde; han tok sin mon igjen
musemender ("Herren er min hyrde") av: muselman (m) = muslim, her: truleg brukt i tydinga vantru, heidning
muskar av: muske (v) = regne smått, yre
myhank (m) = stor mygg med slank kropp og svært lange føter
mysestrokken = trekjeraldet med myse, strokk (m) = trekjerald med lokk, myse (f) = den delen av mjølka som er att når ostestoffet er skilt frå
mætar = betre, likare, mæt (a) = dugande, verdifull
mønsås (m) = øvste takbjelke under mønet
måna av: mån (f) = man, faks (på hest)
nardus (m) = velluktande plante brukt til å lage salve av
naustadde av: naudstadd (a) = komen i naud
nautebein = kubein
neste (v) ("Det ylte ein hund") = feste el. kneppe
nestens hus, ordet om nestens hus ("Borgaren") = Det tiande bodet: "Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til." 2. Mosebok, kap. 20.
Nirvana: ordet tyder "utslokning"; i buddhistisk religion står Nirvana for ein tilstand av fullstendig harmoni; sjelevandringa er over og all liding er slutt, individet har smelta saman med guddommen.
nordaustpassaten = nordaustleg jamn vind frå nordlege vendesirkel mot ekvator
nækt (adv) = avkledd, avslørt
nærsøkt av: nærsøken (a) = nærgåande
nåe (m) = dauding, lik
nåkald = dødskald, av: nåe (m) sjå d.
nåljosa = ljosa frå dei døde, av: nåe (m) sjå d.
nålys = ljosa frå dei døde, av: nåe (m) sjå d.
nåsiglaren = daudingen som fører ei skute, av: nåe (m) sjå d.
nåskratt = skratt frå døde, av: nåe (m) sjå d.
nåskrik = skrik frå daudingar, av: nåe (m) sjå d.
nåstilla = dødsstilla, av: nåe (m) sjå d.
ofre til krabben = spy over rekkja pga sjøsjuke
ok av: ake (v)
olmose (f) = hjelpelaust menneske, stakkar
om (m) = veik lyd, døyvd døn, ljom
omen av: om (m) sjå d.
omflødd = med vatn på alle sider
ornat (n) = geistleg embetsdrakt, prestedrakt
os (m) = elveutløp
oskereia: frå gammal folketru: eit følgje av vonde vette som reid gjennom lufta, særleg ved juletider
Papist = nedsetjande om katolikk eller person med katolske sympatiar
passat (m) = jamn vind frå vendesirklane mot ekvator, nordaustleg i nord, søraustleg i sør
passaten av: passat (m), sjå d.
pestilens = pest (frå latin)
pestilensar av: pestilens = pest (frå latin)
plunder = bry, strev, kluss
plyss same som plysj (m) = fløyelsstoff med lange fibrar
pollar av: poll (m) = liten fjordarm med trongt innløp
poop (m) = overbygnad over øvste heile dekket attarst på eit skip
poop'en, av: poop (m) sjå d.
prakkar = pengekjær person, gniar
Preikaren: etter Preikaren i Det Gamle Testamentet
prelaten av: prelat (m) = rik og mektig, kyrkjeleg stormann
prillar av: prille (v) = spele på noko med raske og smidige fingerrørsler
props = gruvetømmer (frå engelsk prop = stokk,støtte)
pugaren av: pugar (m) = gniar, gjerrigknark
pusselankar = små (barne)hender eller -føter
påk (m) = kjepp
quantum satis ("Ein song om Caspar" ) = (lat.) så mykje som er tilstrekkeleg. Forfattaren viser her til Brand (1866) av Ibsen. Brand hadde nok av vilje ("Mandeviljens quantum satis/staar bogført som din Rigdoms Rad"), men mangla evne til nestekjærleik ("din conto caritatis/er Bogens hvide Jomfrublad"). Når Sande skriv at dei skal "hauste gratis../..sitt quantum satis", tyder altså det at dei skal hauste det som dei har rikeleg av sjølve; nemleg hat.
rabbagast = framfus person
rakkar (m) = hjelpar for bøddelen
rakkarsvolk sjå rakkar og svolk
raklar av: rakle (m) = blomsterstand som er ein klase av einkjønna blomstrar
ram (a) ("Livselva" og "Under vegkrossen") = her: strid
ramast av ram (a), sjå d.
ramaskrik = klagerop (uttrykket er frå Bibelen, Jer 31,15, etter byen Rama)
raudmoe (m) = raud varmedis, solrøyk
raunen = rognebæra
raus av: rysje = skjelve, kulse
recitativ = resitativ (n) = talesong, songform som minner om tale
reidest av reie (v) = stelle/lage til, setje i stand (jamf. reie ei seng)
reina av: reine (f) = grasbakke el. grasgrodd strimmel ved ein åker
reiva av: reive (v) = sveipe spedbarn inn i reiv, d.e. tyremse, bleie (jamf. uttr. reivunge)
relling same som reling (m) = øvste delen av båtsida, skipsrekkja
rengd ("Morgonandakt på moen") av: rengje (v) = vrengje = her: forfalske
rida av: ri(d) (f) = brå smerte eller sinnsstemning
rigg (m) = mast og tauverk på eit skip
riggen av: rigg (m) sjå d.
riildansen, reel (m) = opphavleg skotsk folkedans i livleg todelt takt
rikta av: rikte (v) = knirke, rikse
riktande = knirkande
riktar av: rikte (v) = knirke, rikse
rivtonni av rivtann (f) = tanna rovdyr riv i stykke byttet med
rok (n) = føyk
roket av: rok (n) = føyk, m.a. sjøsprøyt
rorkulten = rorpinnen
Roland i hidningeland ("Kallemann Klopp") = Sande viser her til det franske nasjonaleposet Rolandskvadet (La Chanson de Roland) frå 1100-talet. Roland var ein av Karl den store sine hærførarar. Rolandskvadet handlar om korleis Roland vert utsett for eit bakhaldsåtak ved Roncevaux, eit fjellpass i Pyreneane. Den kristne Roland står åleine mot maurarane, han fell i striden og vert dermed martyr.
rosone av: ròse (f) = hardt vindkast
rotting = spanskrøyr (tidlegare tukta ein skuleelevar med slike røyr)
ruffen av: ruff (m) = overbygnad på skip brukt til bustadrom for mannskapet
ryt (m) = snorking, knurr
rytande av: ryte (v) = brumme, knurre
rødde av: røde (v) = samtale, snakke
rømda av: rømd (f) = ope rom; verdsrom
rømdi = verdsrommet, av rømd (f) = ope rom
røyninga = prøvinga, påkjenninga
røyta = rotne (hårlosning)
råken av: råke (m) = spytt
råna av: råne (v) = bli rå, slå seg
råskne av: råsken (a) = fuktig rå
Saba, dronning på Saba slott: Saba var eit oldtidsrike i Sør-Arabia. I 1. Kongebok 10 er det fortalt om ei dronning av Saba, som reiste til Jerusalem til kong Salomon.
sabba (a) = framifrå, svært god
safir (m) = klar, blå edelstein
Salomon ("Potifar"): kong Salomon, son til kong David
Salomons bok ("Eit minne") = Salomos høgsong (sjå Salomon)
samariamann ("Eg ligg her") = samaritan, person frå Samaria. Sande viser her til Lukas 10, kap 25 - 36 (om den miskunnsame samaritan).
samfløygt (adv) = flyg saman, parallelt
samstelte = samstemde (også: samde)
Samson i lekkjer, etter Dommarane i Det Gamle Testamentet. I kap.16 vert det fortalt om korleis han vart forelska i Dalila, men ho lurer han i fangenskap hjå filistrane. Samson greier likevel til slutt å ta livet av filisterhovdingane og seg sjølv med.
sangrande av: sangre (v) = gi frå seg ein kvinande lyd
sankt Ignatius = Ignatius Loyola, grunnleggjar av jesuittordenen; som gjekk i brodden for kampen mot den reformerte kyrkjelæra
Santalistan = distrikt i India (Santal Parganas) og misjonsmark for Den norske Santalmisjon som hadde misjonsforeiningar over heile landet. Misjonsarbeidet i Santalistan vart starta av Lars Skrevsrud på slutten av 1800-talet.
Santos = by i Brasil, med den største eksporthamna for stykkgods. Mange norske sjøfolk var innom byen, og her låg ei norsk sjømannskyrkje.
Saron = kystsletta i Israel
Saulus = Paulus før han vart frelst
Sebedeus: far til apostlane Jakob og Johannes, han var fiskar.
seg imperativ av: segja (v) = seie
segar av: sege (m) = muskel
seidar av: seide (v) = drive med seid; trolle
seidemenn = trollmenn
sellar av: selle (m) sjå d.
selle (m) = fyr, kar
serk (m) = underplagg for kvinner
sev (n) = siv
sevet av: sev (n) sjå d.
shanti (m) = sjømannsvise som opphavleg vart sungen om bord på seglskutene
Shanty (sjanti (m)) = arbeidssong, oppsong, sjømannsvise som opphavleg vart sungen om bord på seglskutene. Ein "pompe-sjanti" vart sungen under pumpinga.
sinkhvitt = kvit målarfarge av sinkoksid
sirat (n) = dekorasjon, pryd
sjakal (m) = rovdyr av hundeslekta som lever i det søraustlege Europa, Asia og Nord-Afrika
sjøburden = sjøen som blir boren, smh med bere (v)
sjørett (m) = sjøforklaring, rettsleg avhøyr av skipsførar og mannskap i samband med ulykker til sjøs
sjøròk (n) = sjøføyk
skalle (m) ("Etter stormen") = her: avhoggen bjelkeende
skamsærd (a) = skamsåra
skanse = akterdekk
skarr (n) = skarrelyd
skavar av: skave (v) = skjere med skarp reiskap
skilderi (n) = målarstykke, teikning
skipa = stelte til, organiserte
Skirnismål: Dette diktet viser til eddadiktet med same namn, tittelen tyder Skirnes tale. Eddadiktet handlar om guden for god avling, Frøy, som elskar jotundottera Gerd.
skjegle av: skjegl (a) = som skjeglar
skjek seg = skubba lemmene el. kroppen hit og dit, av: skake (v) = riste, skubbe att og fram
skjell = skjellsord
skoddegov (n) = drev, rok, fok av skodde
skoddehy, hy (n) = noko lode, dunaktig
skok av: skake (v) = riste
skolar av: skole (v) = skylje, vaske el. skvalpe
skonnertbrigg = seglskip med to fullrigga master
skorfast = det å stå fast i ei skòr = trong kløft i ei bergside
skort = mangel
skorten = mangelen
skotmerr (f) = gammal merr som bør slaktast
skott (n) = skiljevegg i eit farty
skotta av: skott (n) sjå d.
skrei av: skride (v) sjå d.
skreia av: skrei (f) = flokk, følgje som skrid fram
skreid av: skride (v) sjå d.
skreppegras = inntørka gras
skrid av: skride (v) sjå d.
skride (v) = stige fram, flytte seg jamt frametter
skrov (n) = skrog
skrubb (m) = ulv
skrubben = ulven
skrubbeskremd = skremd av skrubb, ulv
skrukk (m) = samanskrumpa kropp, i skrukk = samanstua, krøllet
skuggedøkk (a) = skuggemørk
skurdfolk = folk som er med i skurdonna (= kornhaustinga)
skut (m) = tilbygg, skur attmed eit hus
skyfloker = samling av tette skyer
skytlane av: skyttel (m) = spiss reiskap brukt til å sende vevtråden fram og tilbake mellom trådane i renninga på ein vev med
skøkja av: skjøkje (f) = prostituert kvinne, hore
skjøkjor av: skjøkje (f) = prostituert kvinne, hore
skåra (a) = lagt i skårar
slagbenkekarm = karmen på ein slagbenk, d.e. benk som kan slåast opp og brukast til seng
slaktesmalen = sauene som er slakteklare
sleis (m) = reiskap til å reinse fyrane om bord i dampskip; fyrspett
slok (n) ("Skarven på Skjeret" "Fjellbekken" "Tridøgerstormen") = her: sluk (n) = djup svgrunn, gap
sloket ("Ved kvernbekken") av: slok (n) = her: kvernrenne
sluttaren av: sluttar (m) = fengselsvakt
slø (a) = maktlaus, sløv
sløg (a) = slu, listig
snak (a) = grådig, hæken
snake av: snak (a) sjå d.
sneid ("Ivar Jungmann") av: snide (v) = her: gå skrått, på sneid (adv) = på skrå
snyte (f) ("Kallemann Klopp") = her: spiss
snåp (a) = rask, snar
sodd (n) = kjøtsuppe
sogstride, sog (n) = sug
solarglad = solnedgang
sold, i framandt sold = vere (økonomisk) avhengig av ein framand
solegladsbel = solnedgangs-stunda
sonar (m) ("Julekveld") = ein som sonar andre sine misgjerningar
sorp (n) = vått bos, rusk, sørpe
sotleta = sotfarga
sott (m) = sjukdom
spanskar og Plymouthrock = hønsetypar
spasen av: spas (m) = moro, spøk
spelukantar: ordspel på spekulantar og speling
sportlar av sportel (m) = avgift til statskassa eller ein tenestemann for visse offentlege tenester
spik = smalt trestykke
spikar av: spike (v) = slå i småbitar
splint (m) = fant, landstrykar, tater
springskor = høge skor med strikk i sidene
spæjande ("Den gløymde spedalske") av: spee (v) = spotte, svivørde
spæjer ("Brotet på Sængskjerflu") av: spæje (v) = speide
spæl (m) = kort hale, rove
staffering = dekorasjon
stampesjø (m) = krapp sjø rett mot framstamnen på eit farty
Stefan/Stefanus = var diakon i den første kristne kyrkjelyden i Jerusalem. Etter Apostelgjerningane den første kristne martyr; han vart steina i hel.
steggen av: stegg (m) = namnet på hannrypefuglen
stekken av: stekke (m) = binge
stelling (m) = stillas
stomp (m) = (sur)brød
stompen av: stomp (m) sjå d.
storrgras = grasliknande plante
stuarten = kokken
studnad = støtte
stunde av stynje (v) = stønne
stunde av: stynje (v) = stønne
stur (a) = sturen, sorgsam og motlaus
stø (f) = stad i fjøra der ein kan dra opp ein båt
støa av: stø (f) sjå d.
stål (n) = stim
stålet av: stål (n) sjå d.
Sudkrossen = stjernebildet Krossen på sørhimmelen (lat. Crux Australis). Dei fire klaraste stjernene dannar ein kross.

sul (n) = feit, kraftig mat
sule (f) = pilar, støtte, søyle
sulet av: sul (n) sjå d.
suligt av: sulig (a) = her: grundig, skikkeleg
surhåsilo = silo av håslåtten, sjå hå
svagar av: svage (v) = svaie, rage
svarva (a) = med sving, av: svarve (v) = svinge i ein boge el. sirkel
sveisa ("Gjentesmil") av: sveisen (a) = flott, snerten
svira av: svire (v) = vere med på ville drikkelag, feste
svivyrdeleg = spottande
svolk (m) = tjukk stav, stokk
svolkar av: svolk (m) sjå d.
svolken av: svolk (m) sjå d.
svovelrok = svovelføyk
svæve (v) = roe, få til å sove
svæva (v) = roe, få til å sove
sylvholk, holk (m) = ring el. hylster på enden av knivskaftet
synbert (adv) = synleg
sæl same som sæld (f) = sæle, frelse, i "Siste sjørett" som kraftuttrykk
sælebot = hjelp, lindring
Sælebotskjelda = kjelde som gir lindring og helse
sålast = døy (gjerast salig)
tagal (a) = teiande, still
tagale av: tagal (a) sjå d.
tagalt (adv) = teiande
tagl (n) = langt og stivt hår (i hestehale)
takkelag = takkelet = tauverket på skipet
tallen av: talle (m) = samantrakka småfegjødsel
talmast = tærast bort
tamp = tau-ende
tampedans, laut danse tampedans = vart piska av tamp = tau-ende
tanande sprang = fullt, vilt sprang, av: tan (n) = strekk, strekking
tandrande av: tandre (v) = ta fyr, gneiste; i overført tyding: vere sint, skjenne
tater (m) = nytta om omstreifande folk av ulikt opphav
Tater-Kristen, tater (m) = nytta om omstreifande folk av ulikt opphav
tegja (v) = teie
teglverket = mursteinsfabrikken
tein (m) = kvist
teven = stanken, lukta
tevjande = illeluktande
tidarbolkar = tidsrom, tidsperiodar
tik (f) = hodyr av rev, hund el. sau
tiljene, tiljone av: tilje (f) = bord el. brett til å trø på i botnen av ein liten båt
tine (f) = tre-øskje med rund eller oval form med berehandtak i loket
tirer av: tire (v) = skine med ein viss glans, stråle
tirra = terga
tjelde (v) = dekkje seg med teppe
tjone av: tjon (n) = stakkarsleg, forargeleg menneske
tjor (n) = kjetting el. tau festa frå påle el.l. til husdyret som beiter, slik at dyret berre kan beite på eit avgrensa område
tofta av: tofte (f) = tverrsete, tverrbenk i ein båt
tolugt = tolmodig
trampebåt = båt som går i trampfart, d.e. fraktfart utan fastlagde ruter og avgangstider der skipa tek den lasta dei kan få.
trave (m) ("Bygda søv") = stakkarsleg person
traven av: trave (m) = stakkarsleg person, i "Legdeblakken": om hesten
trega = angra
tregaleg (a) = ergerleg; som er til å trege, harmast over
treisk (a) = gjerrig, sparsam, påhalden
trilagd = tredobbel
trylte av: trylle (v) = fortrylle
tryt av: tryte (v) = ta slutt, gå tom
trå (a) = iherdig, uthaldande
trå (f) = lyst, attrå
turk = tyrk, person frå Tyrkia, brukt i nedsetjande uttrykk
turrvoren = lyd som av noko tørt
tverrykkjeband ("Hoggormen") av: tverrykkje (v) = rykkje brått, her band som ein tverrykkjer i: sik-sak- mønsteret på hoggormen.
Tykjen = djevelen
tylvt = tolv stk
tytta av: tytte (f) = kvinne
tæger av tåg (f) = grein av rota på tre/plante el. muskeltrevl, -fiber
tølene av: tøle (f) = utstyr, saker
tøler, tølor av: tøle (f) = utstyr, saker
tåg (f) = trevl
ubél (n) = uhøveleg tidspunkt
ufs = bratt bergvegg
ufsar av: ufs (m), sjå d.
ulivs slag = dødsslag, baneslag
Ulpius Trajan = romersk keisar 98-117 e.Kr.
usæl = ufrelst
utburden av: utburd (m) = skrømt, attergangar, eigl. etter udøypt barn som var utsett i skogen
utflidd, utflitt = utlevert, av: fli (v) = levere, gi over i handa
utleitt av: utleita (a) = framifrå, utsøkt
utøymt (a) = utemd, av: tøyme (v) = temje
uvette = farleg vette; vond ånd
valen (a) = stiv, kjenslelaus av kulde, (i "På krambua":) kraftlaus, utan tiltak
valna av: valne (v) = bli valen (a) sjå d.
valne av: valen (a) sjå d.
valt av: velte (v) = strøyme, kome fram i stor mengd
vangane av: vange (m) = kinn
vangar av: vange (m) = kinn

vanhelga heilage kar = skjemme, smitte kar med heilagt vatn
vardest av: varast (v) = bli var; merksam på noko
vassgangen av: vassgang (m) = felt på skipssida mellom den lågaste og høgaste vasslinja
vaterbordet av: vaterbord (n) = planke el. plategang ytst i skipsdekket
vederbogar av vederboge (m) = vêrboge = regnboge
vedkjømeleg (a) = rørande
veideskogen = jaktskogen
velde (m)(n) = stordom, makt
velfar = helsing om å fare vel (farvel)
veller av: velle (v) = strøyme, renne ut
velvyrd forfattar ("Pompe-Shanty") = Bjørnstjerne Bjørnson (han døydde i april), neste strofe inneheld ein allusjon til eit dikt som byrjar slik: "Vår ære og vår makt / har hvite seil oss bragt"
vesal (a) = skral, dårleg
vesalmann (m) = skrøpeleg person
vesalmenne = vesale, skrøpelege menneske
vesalt (adv) = skralt
vetternott = vinternatt
vildra (v) = fare vill, tulle bort
villkattbrand, brand (m) = stor og sterk kar, i "Grannekatten": om katten
Vilnes kyrkje, gammal kyrkje på Atløy i Sunnfjord
visshøvt (adv) = treffsikkert
viste (v) = opphalde seg hjå nokon
vittar av: vitte (v) = vinke
vyrd av: vyrde (v) = akte, setje høgt
vyrdalaus (a) = omsynslaus
vyrtebrød (n) = vørterbrød
Værøyhamn, hamn på Værlandet i Sunnfjord
vøle (f) = stor mengd, dunge
våbøn (f) = forbanning, vondt ynske
våde (m) = stor naud
vådeleg (a) = farleg, som valdar skade
vådelegt av: vådeleg (a) sjå d.
våg (m) = puss, verk (materieutflod)
vårsildefjæring: siste leddet same som færing (m) = spiss-stamna robåt med fire årer, "fire-åring"
Zion = gammal nemning på borga i Jerusalem, seinare eit vidare område. I Hebr. 12.22-24 er nemninga overført til "det himmelske Zion": samlingsstaden for dei frelste.
ættartal (n) = ættetavle, slektstavle
ævone = ævene, av: æve (f)
øsne av: øsen (a) = vill, opphissa, oppøst
ålaups av ålaup (n) = åtak, sterk storm (også: sjukdomsanfall)
åldjup av: ål (m) = djup renne el. fòr i sjøbotnen
åreslær av: åreslå (v) = årelate
åring (m) = hest som er i alderen 1 til 2 år
åt, gjere åt ("'Koppen'") = lækje (ved hjelp av trolldom)
åta av: åte (f) sjå d.
åte (f) = lokkemat for rovdyr

 

 



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys