Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen. Sommarvertane held omvising tysdag - fredag kl. 13 frå 24. juni til 07. august.
Bli med på ein kjekk sommarkveld i Løa med musikk ved Ola Tennes. Ola er visesongar med base på Sandane, og kjem til Løa i Klokkargarden for å spele og synge for oss. Mikrofonen er open for deg òg!
Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer velkomne til eit historisk tilbakeblikk på turismen i gamle Sunnfjord. Mary Ann Menes frå Norsk Reiselivsmuseum tek oss med på ei reise gjennom reiseruter, overnattingsstader og kjøpesterke gjester frå 1800-talet.
I kalenderen får du oversyn over kva som skjer i Jakob Sande - senter for forteljekunst framover.
Sommarsesongen startar denne veka her i Jakob Sande-senteret. Det vert ein sommar med ulikt program for store og små, med omvising og vandring, med litteratursalongar og konsertar, og ikkje minst ein sommar med gode menneskemøter i Klokkargarden.
Den folkekjære forteljekunstnaren og skodespelaren Jon Eikemo har gått bort. Vi vil særleg hugse han for hans store engasjement for Jakob Sande si dikting, som han bar fram med kraft, klokskap og varme.
Laurdag 7. juni besøker Jakob Sande - senter for forteljekunst Hyllestad og den årlege kvernsteinsmarknaden der. På standen finn du informasjon om Jakob Sandesenteret, eigne produkt som koppar, t-skjorter, bøker og dukar, samt aktuell nynorsk litteratur.