Sommaropera i Løa

Opera Kysten legg ut på sommarturnè. Tysdag 21. juli legg dei til kai i Dale og held konsert i Løa.

21. juli, 18:30

På høgaste sumaren, i veke 30, legg OperaKysten ut på turnè med “Opera ved Fjorden”. Med sopran Nora Oleanne Sårheim i spissen inviterer vi til varme, nære og overraskande operaopplevingar på nynorsk. 

Nora Oleanne Sårheim (sopran) har mastergrader frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen og Operahøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Den vestnorske sopranen er kjend for si særmerkte musikalske forteljeevne, og har gjort seg bemerka over heile landet med den lyriske klangen sin og dei kritikarroste nynorskgjendiktingane sine av opera- og operetteariar.

Ho er fast solist og kunstnarisk leiar for OratorieSolistene, eit turnerande kyrkjemusikkensemble, og grunnleggjar og kunstnarisk leiar for OperaKysten i Florø, som markerte tiårsjubileum i januar 2026.

Under Flagstadfestivalen i 2026 er ho både tekstforfattar og i tittelrolla i barneframsyninga Rusalka – ein eventyropera. I sesongen 2026/27 har ho mellom anna debutar som solist ved Den Norske Opera & Ballett, Bergen Nasjonale Opera og Arktisk Filharmoni.

Kalender

Kva skjer hos oss?

21. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

22. juli 12:00 – 15:00

Sommaraktivitetar for born i Sande-tunet

La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.

23. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.