Forfattar og historikar Aina Basso held det aller første Sandeføredraget under opninga av Fest i Fjaler.
Aina Basso. Foto: Oda Berby
I år er det 120 år sidan Jakob Sande var fødd. I høve jubileet skipar vi ein ny tradisjon, og inviterer ein framifrå formidlar til å halde det første Sandeføredraget.
I diktinga til Jakob Sande finn vi eit mangfald av tema, haldningar og verdiar, frå djupaste alvor til folkeleg humor. I form spenner dei frå grovkorna burleskar til klassiske sonettar. Ei grunnhaldning er ei sterk medkjensle med alle som fell utanfor. Sande samla på forteljingar frå folk og miljø rundt seg, som han skapte om til dikt i verdsklasse. Sandeføredraget skal vere eit årleg føredrag i Jakob Sande si ånd.
Forfattar og historikar Aina Basso blir den første til å halde Sandeføredraget, under opninga av Fest i Fjaler fredag 14. august.
Med sine prisvinnande historiske romanar, løftar Basso (f. 1979) fram røyster frå historia som ofte blir gløymde. Særleg skriv Basso om kvinnelege liv, erfaringar og vilkår. Basso har eit lyrisk, originalt og presist språk, og seier mykje i si stilsikre og ordknappe form. I arbeidet sitt legg ho i stor grad historiske kjelder til grunn, og til liks med Sande samlar ho forteljingar og løftar dei som levde i trange kår.
Føredraget vert i Løa oppe.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Opera Kysten legg ut på sommarturnè. Tysdag 21. juli legg dei til kai i Dale og held konsert i Løa.
La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.