Menneska rundt bålet – ein prolog til feiringa av Jonsok ved Demian Vitanza

Bålet har vore den viktigaste samlingsplassen gjennom heile mennesket si historie. Var du klar over at både hjernen og døgnrytmen vår har tilpassa seg elden, og at dette heng saman med trongen vår til å dele historier? Og visste du at dagens eldsritual, som å tenne julelys eller jonsokbål, har røter heilt tilbake til bronsealderen?

20.
juni
18:00 – 19:00

Frå den gongen folk samla seg rundt leirbålet til vår digitale tidsalder, har forteljekunsten vore ein gjennomgripande del av liva våre. Forteljing er grunnleggande for alle menneske, sektorar og samfunn, og ein vesentleg del av den immaterielle kulturarven i Noreg. Demian held føredrag om mennesket sitt forhold til elden, og kvifor den er så viktig for forteljekunsten.

Etter føredraget vert det tradisjonell jonsokfeiring i Klokkargarden. 

Demian Vitanza (f. 1983) er forfattar og dramatikar. Han debuterte i 2011 med den kritikarroste romanen urak og har sidan gitt ut romanane Sub rosa (2014) og Dette livet eller det neste (2017) samt skodespela Londinium (2012) og Tyngde (2018). Vitanza har mange års erfaring med både skrivekurs og føredrag, særleg for ungdomsskular og vidaregåande skular, men også for barnehagar, fengsel og vaksne.

Kalender

Kva skjer hos oss?

18.
juni
10:00 – 22:00

Forteljekunstakademiet i Fjaler

Akademi i munnleg og skriftleg forteljekunst 18. - 20. juni 2025.

18.
juni
10:00 – 13:00

Kurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård

Vi startar forteljekunstakademiet med eit forkurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård. Her vil deltakarane få kunnskap om diktaren sin prosess og arbeide med å framføre dikt av Jakob Sande.

18.
juni
13:00

Opning og ord ved Leif Jarle Espedal

Som opning av sommarsesongen og årets forteljekunstakademi vil ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal, fortelje ved Nikka Vonens minnestøtte og Jakob Sandes æresstøtte.