Bli med på ei lita markering av fødselsdagen til føregangskvinne og skulepioneer Nikka Vonen med miniføredrag om danning, høgtlesing og varm sjokolade.
Nikka Vonen (Nicoline Marie Vonen) vart fødd i Dale 14. november 1836.
Nikka Vonen dreiv jenteskule på Steia i Fjaler i 36 år (1871-1907), skreiv ned folkeminne og folkeskildringar og har blitt skildra som ein hjartedannar. Medan skulen var i drift vart bursdagen hennar årleg markert med hattefestar på Steia Gard. Då fekk gjerne gutar frå bygda komme til Steia for å danse med jentene på internatskulen. Det er oppretta ei eige venelag for Nikka Vonen. Saman med Sandesenteret ønskjer venelaget å føre vidare tradisjonen med å markere fødselsdagen til Nikka. I år er det også 190 år sidan Nikka vart fødd.
Vi samlast i Grønnestuen på Steia Gard klokka 17 laurdag 14. november.
Program:
Innleiande miniføredrag ved Kari Heier Nistad om danning før og no.
Høgtlesing ved Hjørdis Åsnes. Det første stykket på prent frå Nikka Vonen var «En Husmandsfamilie» i tidsskriftet Folkevennen i 1865. Hjørdis Åsnes les teksten høgt for oss.
Inngang kr. 50,- som inkluderer varm sjokolade og småkjeks.
Du kan også kjøpe hefter om Nikka Vonen skrive av Greta Hekneby, gitt ut av Fjaler sogelag.
Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Bli med på gratis skriveverkstad for deltakarar som ikkje har norsk som morsmål.
Dette er kvelden der songglade menneske møtest og syng saman, uansett nivå og erfaring!
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.