Tradisjonen tru kjem Førdefestivalen med konsert til Løa i Jakob Sande - tunet under festivalen. I år får vi besøk av den argentinske gitaristen Chango Spasiuk.
Det er vanskeleg å ikkje bli gripen av energien og intensiteten i musikkformidlinga til Chango Spasiuk, ein av dei største formidlarane av Chamamé-tradisjonen – ei nord-argentinsk musikkform som blandar spanske, afrikanske og guarani-tradisjonar.
I chamamé-musikken høyrest også koplingar til polka og andre austeuropeiske musikktradisjonar.
Spasiuk er ein open og fordomsfri musikar som fyller musikken sin med eit mangfald av lydar og rytmar, med lys og skugge, komposisjon og improvisasjon, arv og nyskaping.
Konserten er i regi av Førdefestivalen. Billettar på https://www.fordefestival.no/
Sal av mat og drikke i Løa før og etter konserten.
Gratis buss frå Førdehuset kl. 16.15 med retur etter konserten.
Vi startar forteljekunstakademiet med eit forkurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård. Her vil deltakarane få kunnskap om diktaren sin prosess og arbeide med å framføre dikt av Jakob Sande.
Som opning av sommarsesongen og årets forteljekunstakademi vil ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal, fortelje ved Nikka Vonens minnestøtte og Jakob Sandes æresstøtte.