Hagekafè på Steia Gard

Nikka Vonen venelag og sommarvertane i Sandesenteret inviterer til hagekafè på Steia Gard, staden der folkeminnesamlar og skuletyrar Nikka Vonen dreiv sin pikeskole frå 1871-1907.

26. juli, 13:00 – 16:00

Nokre sundagar i sommar inviterer det nystifta Nikka Vonen venelag og Jakob Sande-senter for forteljekunst til hagekafè på Steia Gard, staden der Nikka Vonen dreiv sin vidgjetne pikeskole og mønsterbruk. Nyt ein kopp kaffi og kaker medan du lærer meir om Nikka og skulen hennar i historiske omgjevnadar med stort utviklingspotensiale. 

Du kan møte direkte på Steia Gard eller slå følge med våre sommarvertar bort og få høyre meir om Nikka Vonen på vegen dit. Oppmøte ved Gamle skulehuset kl. 12.30. 

 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. juni 12:00 – 13:00

Lesing, pust og skulebollar i skulehuset

Ta lunsjpausen i skulehuset onsdag 17. juni, då Marie Longva Danielsen i residens inviterer til lesing, pust og bollar.

20. - 16. juni 11:00 – 16:00

Sommarope i Jakob Sande-senter for forteljekunst

Velkomen til oss i sommar! I sommarsesongen, frå 20.juni til 16.august, held våre sommarvertar ope i tunet tysdag-sundag 11-16.

20. juni 16:00 – 16:30

Jaja LIVE med Kjartan Hatløy på Boknatta 2026

På Boknatta i Fjærland kjem Tidsskriftet Jaja med smakebitar frå komande papirutgåve.