Velkomen til filosofisk kafé fredag 20. juni kl. 13! Årets akademi-filosof, Pedro Vincent Dias Bergheim, leier oss gjennom ein filosofisk kafè med tema "Sinnsro". Her får du høve til, i samspel med fleire, å stoppe opp, tenkje grundigare og utforske kva det vil seie å skape rom for ro og ettertanke i ein travel kvardag.
Ein filosofisk kafé er ein møteplass der menneske samlast for å samtale om store og små spørsmål i livet. Konseptet vart utvikla i Paris i 1987 av filosofen Marc Sautet, som arrangerte dei første samlingane på Café des Phares. Målet var ikkje å komme fram til eit endeleg svar til ei problemstilling, men snarare å utforske tankar og idear i eit ope og inkluderande fellesskap.
Ein filosofisk kafè er open for alle, uavhengig av bakgrunn eller erfaring. Samtalane blir leia av ein moderator som hjelp deltakarane halde fokus og gå i djupna på emnet. Emnet kan variere frå etiske dilemma til dagleglivets utfordringar, som deltakarane blri inviterte til å dele sine perspektiv på. Det handlar om å skape rom for refleksjon – ein stad der ein kan stoppe opp, tenkje grundigare og kan hende sjå verda frå nye vinklar.
Under lunsjen fredag 20. juni kl. 13 vil Pedro Vincent Dias Bergheim halde ein filosofisk kafè der han vil leie deltakarane gjennom temaet sinnsro. Kva kan vi vinne ved å gi oss sjølve tid til å tenkje? Og kva krevst eigentleg for å kunne filosofere i dagens samfunn, der alt går så fort? Når har ei ledig stund, går kan hende ikkje tankane til djupare refleksjon, men direkte til skjermen i handa. Å finne og skape tid til å filosofere handlar ikkje om å gjere ingenting, men om å skape eit rom der vi kan følgje tankane og reflektere over noko på ein grundig, roleg og ofte målretta måte.
Pedro er stipendiat i pedagogisk filosofi ved Universitetet i Bergen (UiB), tilknytt Institutt for pedagogikk. Han har ein Erasmus Mundus-mastergrad i filosofi frå Universitetet i Toulouse (Frankrike), Universitetet i São Carlos (Brasil) og Universitetet i Coimbra (Portugal). I tillegg er han utdanna lektor i filosofi og fransk. Pedro er årets akademi-filosof i Fjaler!
Temaet for den filosofiske kafeen Sinnsro hentar inspirasjon frå Jon Fosse sitt dikt Snøsong.
Snøsong
Det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjartet blir roleg
og snøen på eit fjell
lyfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen
og snøen
i lyset
seier meg
det er deg det gjeld
og då trur eg
at det finst ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord
og er ein stad for kvile
i ei sky som driv forbi
Det er gratis inngong og høve til å kjøpe seg lunsj i Løa.
Vi startar forteljekunstakademiet med eit forkurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård. Her vil deltakarane få kunnskap om diktaren sin prosess og arbeide med å framføre dikt av Jakob Sande.
Som opning av sommarsesongen og årets forteljekunstakademi vil ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal, fortelje ved Nikka Vonens minnestøtte og Jakob Sandes æresstøtte.