Far og son, dikt og film: Ingvar Nistad, lyrikar frå Fjaler, og sonen Sverre Kvamme, filmskapar frå Fusa, møtast på Ingvars heimebane under Fest i Fjaler. Nistad deler dikt frå sitt særeigne poetiske univers, medan Kvamme viser ein personleg kortfilm om bestemor Gunnlaug og hennar liv som den siste gjenlevande i Nistadlia i Dalsfjorden.
Foto: Sverre Kvamme
Ingvar Nistad (f. 1954) er forfattar og lyrikar frå Fjaler. Nistad debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000. I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege. Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.
I tillegg til forfattargjerninga er Ingvar Nistad også keramikar og lærar. Han bur i Fusa.
Ingvar kjem heim til Fjaler saman med sonen sin, Sverre Kvamme. Sverre Kvamme har en bachelorgrad i samtidskunst, studerte film ved European Film College i Danmark og Nordland kunst- og filmhøgskole. Han har ei personleg tilnærming til eigen prosess som filmskapar, og utforskar tematikk rundt kjønn, barndom, død og sorg. I 2021 langfilmdebuterte han med dokumentaren Nattebarn. Under Fest i Fjaler viser Sverre ein kortfilm han har laga om bestemor si, Gunnlaug, frå tida då ho var den siste gjenlevande i Nistadlia i Dalsfjorden. Der kor tida gjekk sakte og ein hadde god tid til det meste.
Programpost i samarbeid med Rom for ord.
Lisa Nordhaug er i residens i barndomsheimen til Jakob Sande. Her skriv ho på eit romanprosjekt.
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting og deler eit nytt dikt kvar veke. Denne vekas sterke dikt er "Budeia".
Fjaler kommune fekk reist ei byste av Jakob Sande som ei gåve til diktaren på 60-årsdagen i 1966. Det er no 60 år sidan og markerast på ymse vis.
Sandesenteret sin eigen bokhandel, krambu og møteplass ope laurdagar 11-14. Enkel kafè og eit utval nye bøker og ymse frå eigen produksjon.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Bli med på ein kveld med forteljingar om natur- og friluftsglede for heile familien!