Unge sommarvertar får no opplæring i å formidle kystkultur og lokal historie på ein levande og personleg måte. Gjennom stemmebruk, øving i forteljeteknikkar og manus, skal dei bidra til å føre vidare den immaterielle kulturarven frå regionen.
Formidlingskart frå dei ulike kommunane i Fjordkystparken. Teikna av Eva Meier.
Unge sommarvertar frå ulike delar av landet får no høve til å lære kunsten å formidle lokal natur- og kulturarv i Jakob Sande - senter for forteljekunst. Gjennom å utvikle si stemme og bli trygg i formidlarrolla, blir dei inspirerte til å føre vidare vår region sin immaterielle arv.
Gjennom praktiske økter vil forteljar og skodespelar Kjetil S. Stavenes lære deltakarane å bruke stemma, kroppsspråket og forteljekunsten for å formidle levande kystkultur, landskap og historie på ein personleg og trygg måte. Målet er å gjere ungdom rusta til å formidle eigen kulturarv til både sambygdingar og tilreisande.
På denne læringsverkstaden møter ungdommane skodespelar og forteljar Kjetil S. Stavenes, lærar og dagleg leiar i Jakob Sande - senter for forteljekunst, Rakel C. W. Solheim og kulturformidlar og arenaansvarleg i Jakob Sande - senter for forteljekunst, Margrete Reisæter.
Formidlingsprosjektet er ein del av prosjektet Ung formidling av lokal natur- og kulturarv, i samarbeid med Fjordkysten regional- og geopark og med støtte frå Den norske UNESCO-kommisjonen. Prosjektet byggjer på UNESCO sine verdiar om berekraft, kulturvern og utdanning, og gir unge både reell medverknad og ansvar. Gjennom opplevingar, samarbeid og kreativ opplæring vil deltakarane lære å ta vare på, og gi vidare. forteljingane om det som gjer vår region.
Lisa Nordhaug er i residens i barndomsheimen til Jakob Sande. Her skriv ho på eit romanprosjekt.
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting og deler eit nytt dikt kvar veke. Denne vekas sterke dikt er "Budeia".
Fjaler kommune fekk reist ei byste av Jakob Sande som ei gåve til diktaren på 60-årsdagen i 1966. Det er no 60 år sidan og markerast på ymse vis.