Sandesenteret får støtte frå Huset i Bygda og kulturminnemidlar frå Fjaler kommune til å utbetre uteområdet ved Løa. Midlane gjer det mogleg å betre tilkomsten, gjere området universelt utforma og endå meir tilgjengeleg for alle, både dei som leiger huset, deltek på arrangement og brukar uteområdet til skule eller fritid.
Løa kan brukast til så mangt, det gjeld også uteområdet.
Huset i Bygda og kulturminnemidlar frå Fjaler kommune gjer det mogleg å betre tilkomsten til Løa i Jakob Sande-senter for forteljekunst.
Løa er folket sitt hus og blir brukt til alt frå bryllaup, konfirmasjonar, andre merkedagar, arrangement, konsertar, kafe og pub, med mykje meir.
Med støtta kan vi no, så fort frosten er vekke, starte arbeide med å betre tilkomsten til huset. I planane ligg mellom anna drenering, legging av skiferheller på heile sørsida og universell utforming.
Uteområdet rundt Løa er mykje i bruk, mellom anna av barnehagar, klassar på uteskule og SFO, til treningsøkter, i tillegg til av bruk under Teaterfestivalen i Fjaler, under Sandesenteret sine eigne arrangement og i andre samankomstar.
Vi ser fram til å gjere huset enno meir tilgjengeleg for alle og takkar varmt for gåva.
Ena Johanna Rathgeb er i residens i barndomsheimen til Jakob Sande no i februar. Rathgeb er ein tverrfagleg kunstnar og designer basert i Bergen. Praksisen hennar kombinerer narrativ teikning, handverk som veving og bokkunst, samt kunstnarisk forskning.
Det vert årsmøte i Jakob Sande-selskapet 24. februar 2026 kl. 19.30 i Løa i Jakob Sande-tunet. Vanlege årsmøtesaker. Endeleg saksliste kjem. Saker som skal handsamast på årsmøtet, må vere styret i hende 10 dagar før møtet.
Forteljeduken er ein ny, vevd duk med motiv av illustratør Eva Meier, produsert ved det tradisjonsrike Ekelund veveri. Inspirert av liv, arbeid og forteljingar langs Dalsfjorden inviterer duken til samtale og glede rundt bordet.