Sakspapir til årsmøte i Jakob Sande-selskapet

Tysdag 24.2 vert det årsmøte i Jakob Sande-selskapet i Løa i Klokkargarden.

16.02.2026

Årsmøtet i Jakob Sande-selskapet vert tysdag 24.2.26 kl.20.

Om du er medlem og ønskjer å få tilsendt sakspapir med årsrekneskap og årsmelding i forkant av møtet, ta kontakt med dagleg leiar i Jakob Sande-senter for forteljekunst, Rakel C.W. Solheim på rakel@jakobsande.no. Papira vert elles presentert på årsmøtet og liggande tilgjengeleg i Sandesenteret sin bokhandel og krambu i Gamle skulehuset, som er ope kvar laurdag 11-14. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Fjaler inspirerer andre til å løfte kultur som ei viktig næringsgrein

Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.

Vekas dikt

Denne vekas dikt er "TRALL – ", henta frå samlinga Det kveldar på Kobbeskjer.

SPOR kjem til Augustikveld i Klokkargarden

Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.