Aldri før har så mange søkt om opphald i residensen. Blant søkjarane er både nye og etablerte namn innan litteratur, forteljekunst, scenekunst, visuell kunst og musikk. – Det ligg an til å bli eit rikt år. Interessa viser at residensen har blitt ein attraktiv møteplass for kunstnarleg arbeid, seier dagleg leiar Rakel C.W. Solheim.
...bygda søv ikkje i 2026.
Søknadsfristen for opphald i 2026 gjekk ut 1. november. No har arbeidet med å plukke ut kandidatar til opphald starta.
Det er ei eiga nemnd som arbeider for å studere søknadane og ta eit utval. Nemnda vektlegg mangfald, variasjon og ulike tilnærmingar til forteljekunst blant søkarane. Det er utruleg kjekt å sjå alle dei spennande og varierte søknadane til residensen, uttrykkjer nemnda under det første møte i tildelinga.
Sandesenteret samarbeider mellom anna med PreForm sine lokale i Samvirket med scenerom og lydstudio.
Søkarane kan vente svar innan dei kommande dagane og vekene.
På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.
Redaksjonsmøtet Fjaler er for deg som vil bli med i ein ungdomsredaksjon, der du til dømes kan skrive, ta bilete, lage reels eller teikne.
Fest i Fjaler opna med kake, føredrag, lansering, diktkonsert og folkemusikkpub. Alt foreviga av fotograf David Zadig.